Økologisk mat fall i smak

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag ettermiddag fekk venstreleiar Trine Skei Grande både ei brei orientering om skulen og ein smakebit på nokre av dei økologiske produkta til Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH).

– Det Sogn Jord- og Hagebruksskule står for, er midt i blinken i høve det me i Venstre arbeider for. Nemleg ein berekraftig, økologisk matproduksjon. Noko som vil bli stadig meir viktig i tida framover, seier Trine Skei Grande.

Osteproduksjon
I løpet av eit par timar fredag ettermiddag fekk venstreleiaren både ei omvising på, og ei brei orientering om, den økologiske jordbruksskulen i Aurland. Første post på programmet var ein tur innom på gardsysteriet. Sjølve knutepunktet for vidareforedling av ikkje-pasteurisert mjølk.

Mellom anna til osteproduksjon. Noko Pascale Baudonnet frå Undredal fekk kjempa igjennom hjå matstyresmaktene for vel ti år sidan.

Gartneri
Også gartneriet på skulen fekk Trine Grande Skei seg ein tur innom. Der dei, som einaste gartneriet i landet, produserer berre økologisk dyrka blomster.

Gartneriet på SJH er elles den einaste blomsterbutikken i verdsarvkommunen. Den andre blomsterbutikken vart lagd ned for eit par år sidan.

Ambisiøse mål
Skei Grande meiner at det å få auka den økologisk matproduksjonen i Noreg er viktig ut frå fleire omsyn. Ikkje minst grunna klimautfordringane, må det skje ei omlegging til effektive, økologiske driftsformer.

–I tillegg har Noreg ambisiøse mål for økologisk matproduksjon. Det åleine gjer at me må leggja meir til rette for denne delen av landbruket. Også i den industrielle delen av næringa, seier ho.

Veneforeining
Noko også den lokale bondelagsleiaren og leiaren i veneforeininga for SJH, Gøril Tveiten Lie understreka, då ho fekk nokre minuttar for å snakka skulen si sak til Trine Skei Grande.

–Dette må me sjå i eit globalt perspektiv. Endringane i klimaet, svoltproblematikken og utarminga av regnskogen, fortel oss at me må ta sjølvforsyning og matproduksjon på alvor. Den sokalla monokulturen må erstattast med mangfald og mindre bruk av kunstgjødsel, sa Lie.

Gøril Tveiten Lie minte at det no må tenkjast på dei neste generasjonane, og soleis leggjast til rette for utdanningstilbod i økologisk jordbruk.

– Då er SJH sjølve krumtappen. Har me verkeleg råd til å mista den, spurde ho venstreleiaren.

Interessa aukar
Veneforeininga Lie er leiar for har no passert 2.400 medlemer, noko som fortel at det er mange som er opptekne av den økologiske skulens ve og vel.

At interessa for skulen er aukande, vitnar også søkjartalet for neste skuleår om. Rektor Bjørg Fritsvold fortel at søkjartalet til skulen ikkje er heilt klar enno, men det som er registrert ber bod om ei lagt høgare søkjartal i år enn i fjor.

I løpet våren må også det økonomiske spleiselaget for å henta investeringsmidlar til skulen vera på plass. Truleg blir dette i form av ei stifting, der so langt fylkeskommunen og Aurland kommune er budde til på delta. Aurland med inntil fem millionar kroner.

Trur på løysing
Det har også vore møte med statsrådar for å prøva på statleg medverknad til naudsynte investeringar ved skulen. Seinast med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen for vel ei veke sidan.

– Røe Isaksen fekk ei orientering om skulen og trongen for investeringar i det møtet. Me legg opp til eit nytt møte med både Torbjørn Røe Isaksen og landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. Eg har trua på at me skal lukkast i å skaffa investeringsmidlane skulen treng, sa ordførar Noralv Distad under vitjinga til Skei Grande fredag.

LES SAKA I SOGN AVIS!