Skal gi ministeren råd om landbruket

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gjennomsnittsalderen for å ta over gardsbruk ligg på over 50 år, syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Tidlegare i sommar kunngjorde landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum at han ville setje i gang eit ungdomsråd som skal vere med å gi råd om framtida til norsk landbruk.

Les også:19 år og gardkjøpar

I dag hadde dei 12 representantane i rådet sitt fyrste møte med ministeren.  Rådet, som består av unge bønder og landbruksinteressert ungdom, skal kome med innspel til korleis ein kan auke rekrutteringa til landbruket.

Vil ha dei beste
– Vi er avhengig av flinke hender og gode hovud i landbruket framover. Eg håpar vi kan bidra til å gjere det attraktiv å vere ein del av norsk landbruk. Omdøme, yrkesstolthet og kompetanse er viktig, seier Nils Håvar Øyås (29), talsperson for ungdomsrådet.

Øyås er tidlegare fylkesleiar i Noregs bygdeungdomslag og kjem frå gard i Melhus i Trøndelag. Han jobbar no som prosjektleiar innan bygg, og bur i Møre og Romsdal.

Dei 12 medlemane i rådet er frå heile landet og har ulik bakgrunn.

Les siste landbruksnytt her!

Spør ungdomen
– Skal landbruket ha ei framtid, må ungdom ha interesse for landbruk og vilje til å satse på sektoren. Ungdom veit best korleis ungdom tenker. Difor ber eg landbruksinteressert ungdom om råd om korleis landbrukspolitikken skal utvikle seg og korleis rekrutteringsarbeidet bør foregå, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum.

Les meir om oppgåvene til rådet og sjå kven som er med!

Vil ha gode hovud
– For å sikre rekruttering er det viktig at ein gjer det attraktivt å velje yrkesfag. Det må kome klare politiske signaler frå staten om at landbruk er noko Noreg vil satse på, seier Øyås.

Rådsmedlem Øyvind Aukrust er leiar for Landbruksalliansen og jobbar med landbruk i Natur og Ungdom.

– Eg håpar arbeidet til rådet vil munne ut i noko konkret som kan skape endringar i politikken. Det er mellom anna viktig med bra landbruksutdanning og å ta vare på gode utdanningsinstitusjonar innan landbruk, seier Aukrust. Han peiker på den nedleggingstruga økologiske landbruksskulen Sogn jord – og hagebruksskule som eit døme. 

Martin Braanaas Kleppe (25) frå Førde er leiar i Sogn og Fjordane Bonde – og småbrukarlag og driv sjølv med økologisk sauehald.

– Vi i rådet har alle ulik bakgrunn og er i ulike fasar i livet. Det trur eg er ein fordel, slik at vi fram ulike synspunkt på korleis det er å jobbe i landbruket i dag. Vi er framtida, difor er det fint vi òg kan vere med å utforme politikken framover, seier Kleppe.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Snart på nett
Ungdomsrådet ynskjer å kome i kontakt med ungdom og unge vaksne i landbruket som har innspel til korleis ein kan auke rekrutteringa.

– Snart vil vi etablere oss i sosiale media og vi ynskjer å skape eit ope forum for spørsmål og debatt. Dette skal ikkje vere noko hemmeleg arbeid, seier Øyås.

Jon Gaute Lunden (frå venstre ovanfrå) frå Reddal i Grimstad, Anders Klaseide frå Eidsvoll, Kjerstin Lundgaard frå Ringsaker i Hedmark, Elisabeth Holand frå Vestvågøy i Nordland og Anne Karin Grødeland frå Orre i Rogaland. I midten, ovanfrå: Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum, Anne Rakel Haaland frå Audnedal i Vest-Agder og Ingeborg Johansen frå Tromsø. Høgre, ovanfrå: Erling Veie frå Skogn i Nord-Trøndelag, Martin Braanaas Kleppe frå Førde, Nils Håvard Øyås frå Melhus i Sør-Trøndelag, Erica Hogstad Fjæran frå Steinkjer i Nord-Trøndelag og Øyvind Aukrust frå Oslo. 

Kva meiner du bør endrast ved dagens landbrukspolitikk?