Språkrådet ut mot engelsk patentbehandling

Språkrådet er lite glade for at regjeringa går inn for å la norsk vike for engelsk i behandlinga av patent på tekniske oppfinningar i Noreg.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ut mot engelsk patentbehandling

Regjeringa opnar på denne måten for systematisk saksbehandling på framandspråk i norsk forvaltning, noko som fører til både demokratiunderskot, eit nivådelt arbeidsliv og ei svekking av det norske språket, meiner rådet.

– Viss ikkje norske patentsøknader skal skrivast og behandlast på norsk, mistar vi svært viktige moglegheiter til å utvikle det norske språket, skriv seksjonssjef Nina Teigland i Språkrådet i eit innlegg i Dagens Næringsliv tysdag.

LES OGSÅ: – Umogleg å oppfylle språkkrav

Europeisk patentkonvensjon
Det er Nærings- og handelsdepartementet som har foreslått å slutte Noreg til Londonavtalen, som inngår i den europeiske patentkonvensjonen. Eitt av måla er å spare dei pengane som ein del patensøkarar i dag må bruke til å omsetje patentsøknadene sine frå engelsk til norsk.

Om framlegget blir gjennomført, betyr det at Patentstyret i framtida kjem til å behandle både norske og utanlandske patent på engelsk. Berre patentkravet må vere på norsk. Det meiner Språkrådet kjem til å svekkje det norske fagspråket og utfordrar sjølve målet for språkpolitikken vår: å sikre posisjonen for norsk som eit fullverdig, samfunnsberande språk.

Sterk motstand
– Språkrådet går derfor sterkt imot dei føreslåtte endringane, skriv Teigland.

Ho peikar på at dei ekstra ressursane som trengst til å omsetje patentdokument til norsk, er ein nødvendig kostnad om vi skal ta dei språkpolitiske måla på alvor. (©NPK)