– Umogleg å oppfylle språkkrav
Språkrådet meiner universiteta forsømer rolla si som vernar av språket. UiB meiner norsk pensum er mangelvare.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I regjeringa si språkmelding «Mål og Meining» frå 2008, blir det slått fast at hovudspråket ved universitet og høgskular skal vere norsk, og at dei skal ha ansvaret for å vedlikehalde og vidareutvikle eit norsk fagspråk. I tilstandsrapporten til Språkrådet «Språkstatus 2012» blir det uttrykt bekymring for auken av engelsk i litteratur og undervising.
Førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk, Michael Alvarez, har god røynsle med å utforme kurs ved Universitetet i Bergen (UiB).
– På bachelor-nivå føregår alle 100-nivåfaga på norsk, og ei rekkje kurs med høgare nivå blir òg forelese på norsk. Det er ikkje før ein kjem opp på 200-poengnivå at undervisinga føregår på engelsk. Det blir òg halde engelske forelesingar i dei kursa der det er spesielt stor deltaking av internasjonale studentar, seier han.
Forsking på engelsk
Òg på master-nivå blir dei første kursa haldne på norsk. Når det gjeld pensum-litteratur er derimot fordelinga mellom norsk og engelsk langt i frå like jamn.
– All forsking som skal publiserast i prestisjetunge internasjonale magasin må vere på engelsk. Dette gjer at det blir produsert lite norsk originallitteratur, og når ein skal studere på eit høgare nivå må ein difor rekne med å lese på engelsk, seier Alvarez.
– Kvar gong vi lagar kurs ser vi etter litteratur på norsk, men det finst ikkje alltid på det nivået ein treng, forklarar han.
Språkrådet argumenterer med at eit overveldande fleirtal av dei som blir utdanna i Noreg, skal jobbe her. Difor bør studentane øvast i norsk fagterminologi. Alvarez er samd, men meiner at dette ikkje utelukkande er ansvaret til universiteta.
– Studentar som er svake i norsk vart det ikkje her, dei var det frå før, seier han.
Han meiner det er klart at det å lese pensum på norsk vil hjelpe, men meiner UiB legger til rette for der det kan.
– Til dømes føregår all oppgåveskriving og diskusjon på seminara på norsk, legg Alvarez til.
LES OGSÅ: Milevis unna nynorskkrav
Føretrekk originallitteratur
Andreas Johan Vogt er tredjeårsstudent ved Institutt for samanliknande politikk. Han lèt seg ikkje plage av eit pensum nesten utelukkande på engelsk.
– Eg synest det går heilt greitt. Eg føretrekk å lese originallitteratur framfor noko som er omsett, og støttar instituttet i å tenkja på kvalitet framfor språk, seier han.
Han har likevel forståing for at å lese statsvitskap på engelsk kan vere utfordrande.
– Evnene til studentane i engelsk er varierande. Det er jo ein klar ulempe dersom nokre blir sitjande og bruke like mykje tid på å omsetje som på å forstå innhaldet i faget, seier Vogt.