Høgskulen står overfor store endringar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Står overfor store endringar

Det seier Heidi-Kathrin Osland, leiar i styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane. Og ho får støtte frå rektoren.

– Dei gode idear må lanserast no, seier rektor Åse Løkeland.

Styret i Høgskulen i Sogn og Fjordane let det ikkje vera den minste tvil at dei skal gjera sitt for å ha handa på rattet, og arbeida for ein politikk som gagnar høgskulen her i fylket på møtet torsdag.

For det er ingen tvil om at høgskular og universitetet kjem til å møta store utfordringar då strukturen i høgare utdanning vil endrast.

Saka kjem opp att på neste styremøtet, 15. mai.

LES OGSÅ: – Sannsynleg med færre studiestader

Vert krevjande
Det var på kontaktkonferansen for universitet og høgskular 14. januar i år statsråd Torbjørn Røe Isaksen la fram sju punkt som skal vera retningsgjevande for regjeringa sin politikk i denne stortingsperioden når det gjeld høgare utdanning og forsking. Ein langsiktig plan for forsking og høgare utdanning kjem til hausten.

Kunnskapsministeren er klar på at dei skal prioritera forsking som gjev den konkurransekrafta ein treng, og forsking som kan løysa dei store utfordringar vår tid står framfor.

Regjeringa har som mål at Noreg skal ha fleire forskingsmiljø i verdsklasse.

LES OGSÅ:– For mange studietilbod i Noreg

Ikkje sitja stille
– Det er lagt opp til dialog og det er absolutt no det er tid for å koma med innspel. No går eit tog. Våren 2015 skal planen for ny finansieringsordning lanserast. Då vert me ein høyringsinstans, men då vil mykje vera langt. Me kan ikkje sitja heilt stille år, for då vert me overraska i 2015, seier Løkeland.

Ho er klar på at strukturen på høgare utdanning vert endra. Regjeringa er særleg oppteken av korleis Noreg skal verta betre når det gjeld forsking. Slik det er no skårar ein for lågt på internasjonal ranking. Noreg er òg middelmåtig i Norden.

Færre institusjonar
Rektor Åse Løkeland gav ei grundig utgreiing på dei utfordringar som møter høgskular og universitet.

– Kanskje vert det færre institusjonar. Det vil vera så mange som er absolutt naudsynte, men det vert ikkje fleire. Me må sjå for oss ulik finansiering for høgskular og universitet, seier Løkeland.

Når det gjeld punktet på personalpolitikk, kunne ho berre slutta heilhjarta opp om det kunnskapsministeren la fram. Kampen mot mellombels tilsetjingar av personell til dei er langt opp i 50-åra.

– Me er gode
– Det vil berre vert større utfordringa for høgskulane når det gjeld kvalitet på utdanning. Ikkje berre forsking ved universitet kan visa til kvalitet. Me har forsking på høgskular som er heilt i verdstoppen, seier styremedlem Olav Refsdal. Han er særleg oppteken av at styret må vera tydelege på at høgskulen ikkje skal verta ein salderingspost.

– Me må vera tydelege på kva område som er viktige for oss, og må byggja alliansar med høgskular som er like oss. Då har me større sjanse til å vinna fram politisk. HiSF må laga sin definisjon på kva som er kvalitet. Det er berre å visa til oss sjølve. Ikkje for å skryta, men me er gode, seier styremedlem Olav Grov.

LES OGSÅ:Viser gode og dårlege studiestader

Ta på alvor
– Kva meiner ein med kvalitet? Me må ta statsråden på alvor, og definera kva kvalitet er. Like eins må me arbeida politisk med utgangspunkt i Sogn og Fjordane. Ordførarane i Sogndal og Førde vil vera sentrale personar, i tillegg må me arbeida ut

Invitasjon
Sogndals-ordførar Jarle Aarvoll har invitert kunnskapsministeren til Sogndal.

– Høgskulen er umåte viktig for alle i fylket og difor må me hegna om skulen, seier Aarvoll.

– Folk må forstå alvoret når det gjeld dei store utfordringar som me står framfor innanfor høgare utdanning og forsking. Tradisjonelt har me tidlegare her i fylket arbeidd kvar for oss. Eg registrerer med glede at ein no står samla i å samkøyra ressursar og innsatsen for skulen vår, seier Aarvoll.

– Fylket vårt hadde ikkje vore slik det er i dag om ikkje ungdomar i fylket kunne ha studert her og ta vidare utdanning i eige fylke. Høgskulen vår er viktig for å sikra fagfolk. Samstundes ser me at heile 75 prosent av dei som studerer ved HiSF, vert verande her etter at dei er ferdige med studie. Høgskulen har ei meir og meir viktig oppgåve i å vera med og utvikla fylket, seier Aarvoll. Han framhevar at fylket har ein høgskule med kvalitet, og studentar kårar han heilt i toppen.

– Me skal vera med og setja preg på høgare utdanning her i landet. Dei skal seia: Sjå til HiSF, avsluttar Aarvoll.

LES SAKA I SOGN AVIS!