– Sannsynleg med færre høgskular

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil leggja ned høgskular

Kunnskapsministeren la i dag fram sju punkt som vil vera førande for kva regjeringa skal gjera innan forsking og høgare utdanning dei neste fire åra.

– Målet er høgare kvalitet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa vil no oppnemna ei ekspertgruppe som skal gjennomgå heile finansieringssystemet for universitet og høgskular. Gruppa blir sett ned i løpet av våren. Dei viktigaste oppdraga deira vil vera å sjå på korleis finansiering kan styrkja kvaliteten i forsking og høgare utdanning.

– Det overordna målet er å sjå på korleis eventuelle endringar i finansieringssystemet kan bidra til å styrkja kvalitet på forsking og utdanning, seier Røe Isaksen.

LES OGSÅ: – For mange studietilbod i Noreg

Teiknar ikkje kartet først
– Me skal ikkje starta strukturarbeidet med å teikna kartet. Først vil me setja tydelege kvalitetskrav, så vil strukturen i høgare utdanning følgja av desse standardane. Eg trur likevel det er sannsynleg at ein av konklusjonane i prosessen vil vera at vi bør redusera mengda institusjonar. Det tyder ikkje nødvendigvis ein reduksjon i talet på lærestader eller campusar. Men kvalitetskrava må få konsekvensar for strukturen, seier Røe Isaksen.

Kunnskapsdepartementet har òg sett i gang arbeidet med ei stortingsmelding om struktur i høgare utdanning. Målet med prosessen er å sikra høg kvalitet i alle studietilboda i universitets- og høgskulesektoren. Dei tar sikte på at stortingsmeldinga blir lagt fram våren 2015.

– Me skal leggja trykk på lærarutdanninga. Gode lærarar er grunnmuren i kunnskapssamfunnet. Dei er føresetnaden for kor godt me lukkast i universitets- og høgskulesektoren så vel som heile resten av samfunnet, seier kunnskapsministeren i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Lærarstudentar vert verande

Verdsleiande forsking
Regjeringa legg fram ein langtidsplan for forsking og høgare utdanning til hausten. Denne vil styrkja føresetnadene for å gjera dei langsiktige og strategiske prioriteringane som er viktige for å oppnå høg kvalitet.

Kunnskapsministeren har ambisjonar om at Noreg skal utvikla fleire verdsleiande forskingsmiljø. I dialog med universitets- og høgskulesektoren vil regjeringa finna og satsa på aktuelle miljø og institusjonar som kan bidra til gjennombrotsforsking i verdsklasse.

Regjeringa vil òg sjå på korleis vitskapleg tilsette blir tatt vare på.