VG-lesarane har klokeleg kåra Ivar Aasen til den fjerde viktigaste nordmannen sidan 1814. Lat oss håpa det vert starten på ei språkleg rausare rikspresse.

Hat nynorsk, eller elsk det – men Ivar Aasens livsverk kan me alle la oss imponera av. Tenk å reisa Noreg på kryss og tvers gjennom eit kvart århundre, og tilbakeleggja over 25.000 kilometer, for å gje folket eit skriftspråk som byggjer på folkeleg talemål. Tenk å ha gått langt mindre på skule enn kva du og eg har gjort, men likevel setja fingeren så presist på dei språklege strukturane som dialektane våre har felles. Tenk å systematisera dette på eiga hand, så det vert eit fullverdig og funksjonelt system for å festa tanke til skrift. Det er eit mektig stykke arbeid.

Og lat deg endeleg ikkje narra av alle mytane. Aasen reiste ikkje berre rundt på Vestlandet, slik enkelte lærebøker framstiller det. I ordboka si tok Aasen med fleire ord som var heimfesta til Austlandet enn Vestlandet. For ikkje å gløyma at også i Nord-Noreg liknar dei fleste dialektane klårt meir på nynorsk enn kva mitt vestlandske stavangermål gjer. Aasen ville ikkje framheva éin enkeltdialekt – nynorsken skulle vera ein fellesnemnar for dialektane.

Dimed har Aasen også vore svært viktig for at dialektane i dag har temmeleg høg status. «Det har altid smertet mig bittert, naar jeg hørte vort Almuesprog krænkes og belees», skreiv han. Det skjer framleis, men omfanget er relativt lite. Nyhendesendingar og statsbudsjett vert presenterte på dialekt, utan at det vekkjer særlege reaksjonar. Det er ikkje heilt tilfeldig. Ved å byggja på dialektar frå alle delar av landet, vart det nynorske skriftspråket ein manifestasjon av at dialektane er både verdige og likeverdige.

Det same likeverdet gjeld skriftspråka, men der er nokre skjer i sjøen. Mange av oss som har vakse opp med bokmål som hovudmål, har fått negative haldningar til nynorsk. Det er ikkje så rart, for me har vorte introduserte for nynorsken altfor seint i skuleløpet. Og sidan nynorsken har vore lite synleg utanfor skuleveggene, har han verka framand for oss.

Men det kjem seg. Me er ikkje så iltre lenger. For eit tiår sidan var brenning av nynorskordlista eit dagsaktuelt valkampstunt. I dag ville det vore nær utenkjeleg at ein stortingskandidat skulle fremja kandidaturet sitt på det viset. Og dei som dreiv på med slikt, skjemmest ærleg og oppriktig over det i dag.

Tida for Det Store Nynorskhatet er over. Me såg eit godt døme på det i fjor òg, då Ivar Aasen hadde 200-årsjubileum. Bergens Tidende feira dagen med å skriva heile avisa på nynorsk. Dei budde seg på lesarstorm, men fekk knapt nok ein flau bris imot seg.

Så langt er me heldigvis komne: Både du og eg kan skriva nynorsk eller bokmål, eller begge delar, utan å få peikefingrane over oss. Fordi språkmangfaldet er tolerert, akseptert og verdsett, også i skrift.

Diverre med eit uheldig unnatak – riksavisene.

Dersom VG ikkje hadde refusert dette innlegget, ville det fått stå på nynorsk, fordi det er innsendt stoff. Men på redaksjonell plass er nynorsk strengt forbode – både i VG, Aftenposten og Dagbladet. Lesarane kan kåra Ivar Aasen til kva som helst, men språket han gav oss skal me for all del ikkje få sjå i bruk.

I lengda er det nettopp lesarane det går utover. For nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar har eit par ting til felles. Det eine er at dei fleste av oss les VG. Det andre er at dei fleste av oss les for lite nynorsk.

Det fører igjen til at nynorsk vert vanskeleg. Nynorsk er slett ikkje vanskeleg i seg sjølv, men skal du læra eit språk, så må du lesa det, verta eksponert for det, sjå det rundt deg. Det får du ikkje når språket vert stengt ute av dei største tekstprodusentane.

Samstundes slit mange bokmålselevar med å læra nynorsk, og mange nynorskelevar byter til bokmål. Dette er to av dei største utfordringane for nynorsken i vår tid.

Riksavisene kan med enkle grep gjera nynorsk lettare å læra og bruka. Ved å oppheva nynorskforboda sine, og la journalistane få skriva nynorsk, kan nynorsk verta meir synleg og tilgjengeleg for alle. Slik kan nynorskbrukarar lettare halda på hovudmålet sitt. Slik kan bokmålsbrukarar lettare læra sidemålet sitt, og ikkje minst få eit meir avslappa forhold til det. Slik kan riksavisene ta språkleg samfunnsansvar.

Ved å røysta fram Ivar Aasen i jubileumskåringa, har lesarane gjeve VG ein ypparleg sjanse til å mjuka opp språkpolitikken sin. Tida er moden for å la den språklege toleransen visa igjen i avisspaltene. Det er tid for å la nynorsk og bokmål leva side om side også i landets største aviser.


QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE