Andrea Rygg Nøttveit og Tora Hope
Andrea Rygg Nøttveit og Tora Hope

I fjor haust vedtok Sogn og Fjordane fylkeskommune å skjerpa inn språkreglane, melder NRK i dag. Dei tilsette i fylkeskommunen får ikkje lenger lov til å skriva «me» og bruka a-ending når dei skriv offentlege brev. Både Språkrådet og Sogn Avis har reagert på dei strenge språkreglane.

Også rektor og norsklærarar ved Sogndal vidaregåande skule er kritiske.

– Det er beklageleg. Språkbruksplanen er elles veldig god, men akkurat dei innsnevringane skuffa meg. Det er ikkje meg å skrive «vi» og e-infinitiv og det gjeld mange i området her, seier rektor Marta Sofie Vange.

LES OGSÅ: Kulturrådet kuttar mest i nynorsken

Ho håpar Fylkeskommunen vil gjere ei ny vurdering av språkreglane.

– Desse formene er naturlege for oss. I tillegg er dei jamstilte i nynorsk-rettskriving, og eg har alltid kjent meg på trygg grunn når eg har brukt «me» og a-infinitiv.

Sjølv om Sogn og Fjordane fylkeskommune innførde endringane i fjor haust, har ikkje Vange endra sin eigen språkbruk.

– Nei, eg skriv framleis «me» og a-infinitiv. Eg har ikkje fått noko kritikk for det, seier ho.

– Kan ikkje godta reglane
Norsklærarane ved Sogndal vidaregåande skule har også reagert på språkbruksplanen. Før helga sende dei eit innspel, der dei kritiserer fylkeskommunen for å leggja føringar på val av ord og endingar innanfor godkjent nynorsk-rettskriving.

– Me kan ikkje godta at me skal skriva «vi» – ikkje «me» – og bruka e-infinitiv, når me bur i eit distrikt, der «me» og a-infinitiv for dei aller fleste kjennest mest naturleg. Me tvilar også på at fylkeskommunen har heimel til å gjera dette! heiter det mellom anna i brevet, som er forfatta av norsklærar Øystein Rutlin på vegne av norskseksjonen på skulen.

LES OGSÅ: Redd kutt vil føre til færre nynorskbøker

– Ettersom dette er jamstilte ord og endingar innanfor nynorsk, så er det veldig rart at det ikkje skal vere lov å bruke desse formene. I tilegg sit desse formene i ryggmargen til sogningane og det gjeld også mange av norsklærarane her, seier leiar for norskseksjonen ved skulen, Vibeke  Viem.

Innsnevringane gjeld offentlege dokument, og har dermed ikkje påverka undervisninga ved skulen. Norsklærarane er likevel engasjerte i saka.

– Vi meiner dette er vel styrande frå fylkeskommunen, seier Viem.

– Fylkeskommunen må tenkje seg om
Leiar i Noregs mållag, Marit Aakre Tennø oppmodar fylkeskommunen i Sogn og Fjordane om å tenkje seg om ein gong til når det kjem til dei språklege innsnevringane.

– Eg tenkjer det er synd at fylkeskommunen vel å seie at former som er utbreidde over store deler av fylket ikkje er lov.

Ho meiner fylkeskommunen heller bør demme opp for ideen om at «vi» og e-endingar er dei vanlegaste.

– I ti år har mange skribentar nytta desse formene, noko som gjer at dei verkar vanlegare enn dei eigentleg er.

LES OGSÅ: Tjuefjorten: Design har blitt inkje-kjønn

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

Kommentarar

ANNONSE