Inga hjerneflukt frå Hordaland

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein rapport frå Karrieresenteret i Bergen viser at frykta for den antatte «hjerneflukta» frå Hordaland – at studentane flyttar etter at studiane er avslutta – er overdriven. Det skriv Studvest.

Tala viser tvert imot at delen tidlegare studentar som blir verande i fylket etter avslutta utdanning er høgare enn delen som flyttar ut.

Det er likevel forskjellar på kva for studentar som blir og kven som forlèt fylket.

LES OGSÅ: Her er dei mest nøgde studentane

Halvparten av kandidatane frå Universitetet i Bergen arbeidde i Hordaland to år etter siste eksamen. Det same gjaldt 70 prosent av kandidatane frå Høgskolen i Bergen. Samtidig blir berre ein av fem kandidatar frå Norges Handelshøyskole verande i fylket.

Marit Warncke, direktør i Bergen Næringsråd, seier ho ikkje er overraska over tala.

– Dette er positive og hyggelege tal, som har vore stabile over mange år. Det er også naturleg at det er slik, for dei fleste studentane vert jo rekruttert frå vår region og frå vårt fylke, seier ho til Studvest.

LES OGSÅ: Tidsskriftliv