Tidsskriftliv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det eine skal vekse opp i litteraturbyen Bergen. Det andre i fotballhovudstaden Trondheim. Meir om Bergen vs. Trondheim snart, men først ein tur på bar:

– Charlotte Myrbråten, Kristina Iversen og eg sat på pub og snakka om at det hadde vore gøy å starte eit kulturtidsskrift, fortel Guro Bergesen, ein av tre redaktørar i Snitt-redaksjonen.

– Vi drakk raudvin, og ideen vart berre betre og betre …

Dei tre er ikkje dei først som har fått ein genial idé på pub, men i motsetning til dei fleste andre med liknande ambisjonar, har bergensarane realisert prosjektet sitt. Med støtte frå Bergen kommune kunne redaksjonen i januar servere lesarane 32 sider med alt frå ny norsk skjønnlitteratur til tekstar om kulturpolitikk.

– Kvifor enda ikkje Snitt opp som ein av desse idéane som er fantastiske klokka to om natta, men gløymde dagen etter?

– Det finst to typar menneske, forklarar Bergesen.

– Dei som gjer ting, «doers», og dei som tenker mykje, men brukar lang tid før noko skjer. «Ikkje-doers», altså. Heldigvis for Snitt er Charlotte Myrbråten ein «doer». Ho måtte seinare trekke seg ut av prosjektet for ei stund på grunn av full timeplan, men eg trur det var ho som kom med det avgjerande sparket bak. I tillegg er vi jo alle entusiastar og hadde frykteleg lyst til å prøve noko nytt.

Fekk advokatstøtte
Nokre månader tidlegare, gav Rune F. Hjemås ut første nummer av litteraturtidskriftet Beijing Trondheim saman med forfattarkollega Mathias R. Samuelsen. Også for Hjemås og Samuelsen starta det heile på pub.

– Ja, vi har ei nøyaktig lik historie, fortel Hjemås. – Mathias og eg hadde vore på konsert då vi, over eit utall tomme ølglass, første gang våga å ta i bruk orda «tidsskrift» og «forlag». Då hadde ideane vore i emning ei stund, men det måtte ein stad med skjenkeløyve til for å få skikkelig sving på tinga.

Medan Snitt fekk støtte av Bergen kommune, måtte den ferske trønder-redaksjonen vere meir snartenkte i finansieringsarbeidet.

De har fått støtte frå eit advokatfirma?

– Ja, foreldre med distingvert omgangskrins kan vere gull verdt av og til, slår Hjemås fast og legg til at han reknar med fleire private sponsorar vil komme av seg sjølv etter at kulturminister Thorhild Widvey har lansert «gåveforsterkingsordninga» si.

Trondheim vs. Bergen
«Tidens bøger kommer ikke fra ensomme skrivekamre eller øde øer. De kommer ud af et hyperaktivt litterært kollektiv,» hevda kulturkommentatoren Pauline Bendsen iden danske avisa Information for nokre veker sidan. Det var dansk litteratur Bendsen skildra, men det er lett å kjenne igjen situasjonen. Også norske fjellapar startar rett som det er ein litteraturfestival, eit småforlag, eller eit tidskrift. Spesielt i Bergen.

– Ja, Bergen har ein mykje betre utbygd litterær infrastruktur enn Trondheim, konstaterer trønderen Hjemås.

– Skrivekunstakademiet har vore sentralt for miljøet i Bergen, og mange tidsskrift og småforlag har oppstått i kjølvatnet av det.

Bergesen er einig i at Skrivekunstakademiet har vore viktig for Bergen som litteraturby, og for Snitt:

– Folk les kvarandre sine manus, og støttar kvarandre på opplesingar. I tillegg fører akademiet til ein konstant straum av nye forfattarar til byen. Utan litteraturmiljøet, ingen skribentar, ikkje noko Snitt …

Litterære redningsmenn?
Beijing Trondheim vil med andre ord skape eit litterært miljø i Trondheim som liknar det Snitt kan nyte godt av i Bergen.

– Vi saknar sårt stader der forfattarar kan møte kvarandre og andre litteraturinteresserte, forklarar Hjemås.

– Men vi har heldigvis det viktigaste, nemlig gode forfattarar.

Arbeidet med å vise fram forfattarane, har allereie starta. I første nummer av tidskriftet er det ein heil seksjon med tekstar av forfattarspirer med adresse i Trøndelag. Fleire av desse har tidlegare vore på skrivekurs med Hjemås og Samuelsen.

– Beijing Trondheim skal vere meir enn eit tidskrift?

– Ja, vi bruker ordet «forlag» som ei slags paraplynemning for fleire prosjekt vi har på blokka. I tillegg til tidsskriftet har vi lyst til å produsere små bøker og trykksaker, lage arrangement og bygge vidare på relasjonane mellom dei ulike kunstfelta i byen. Vi held òg skrivekurs for ungdom i samarbeid med Norsk Forfattersentrum kvar haust og vår – slik kjem vi i kontakt med mange talentfulle skribentar som vi ønskjer å følgjje opp.

Mangfald og fridom
Når nokon lagar litteraturtidskrift er det ofte for å vise fram ein poetikk: Slik skriv vi! Utangspunktet til tidskriftgründerane i Snitt og Beijing Trondheim er tilsynelatande eit heilt anna.

– Eg har inntrykk av at det å hegne om eit spesielt litterært grunnsyn, var ein viktigare del av det å drive eit tidsskrift før enn det er no, utdjupar Hjemås. – For oss har det vore eit poeng å vise fram eit mangfald, der den komplekse prosaen til Peter Waterhouse passar like godt inn som teikneseriar og bloggtekstar. 

Ingen av redaksjonane verkar vere særleg opptatt av at kvart nummer skal ha eit tema.

Tema i neste nummer er, no som sist, svært laust, forklarar Bergesen. – Målet vårt er at bidragsytarar skal ha så mykje kunstnarisk fridom som mogleg.

Om skaparglede og framtida
Både Hjemås og Bergesen fortel om gleda ved å lage det første nummeret av tidskrifta.

– Eg las nettopp igjen ein e-post eg hadde skrive til ein av bidragsytarane dagen etter at vi lanserte tidsskriftet, fortel Hjemås. – Det slo meg kor euforisk nøgd eg verka å vere akkurat då. Eg må ha vore inne i ei slags barseltåke etter at vi mot alle odds greidde å få ei eske med tidsskrift opp med nattoget same dag som lanseringa. Lykka var kanskje kortvarig og overdrive, men ekte.

– Kva med Snitt-redaksjonen? Har de blitt lykkelegare av å lage tidsskrift?

– Hah! Ja, det trur eg. Lykkeleg og utslitne, slår Bergesen fast. – Og stolte og bekymra, livredde, forvirra og sprekkferdige av takksemd.

– Tidskriftredaksjonar har ein tendens til å vere fulle av pågangsmot det første året, før det byrjar å gå lenger og lenger tid mellom kvar utgåve. Kjem de til å overleve lenge?

– Vanskeleg å svare på. Men vi har framleis mange idear vi vil gjennomføre, mange folk vi vil spørje om å bidra, mange rare greier vi må få formidla. Og så kan vi jo ikkje gi opp, det blir for dumt no som vi først har starta.

Også Hjemås har taktikken klar: 

– Vi har vore nøkterne og sagt at vi skal lage eitt nummer i året. Slik får vi betre tid, og vi kan lage eit tidsskrift som er både større og finare – det trur eg er bra for motivasjonen. Vi har få reglar, men skal gjere det vi har tid og lyst til, og styre mest mulig sjølv.

Neste nummer av Snitt kjem tidleg i april, medan Beijing Trondheim først er tilbake med trykt stoff i haust. I mellomtida finn du dei på beijingtrondheim.no.

Redaksjonsmøte i Beijing Trondheim.