Vil ha 20-årsgrense for kjøp av røyk
60 prosent av dei spurde meiner aldersgrensa for kjøp av sigarettar bør hevast, viser ei undersøking gjort av LHL.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil heve alders- grensa på røyk
– Ved førre revidering av tobakksskadelova meinte LHL at aldersgrensa burde setjast opp til 20 år. Stortinget valde å halde aldersgrensa på 18 år. Undersøkinga viser at politikarane er i utakt med folkemeininga, seier generalsekretær Frode Jahren i Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) til VG.
LES OGSÅ: Fleire unge røykjer og snusar
Politikarar i utakt
Jahren meiner heving av aldersgrensa er eit viktig tiltak for å hindre fleire i å begynne å røykje.
– Dess lengre unge held seg røykfrie, dess mindre sjanse er det for at dei startar, seier Jahren.
Onsdag blei det kjent at medan tobakksbruken i befolkninga generelt går ned, har delen unge som røykjer eller snuser auka dei siste fem åra.
LES OGSÅ: Helseekspertar vil forby snus og pappvin
Jamn nedgang
I 2013 var det 32 prosent av befolkninga i alderen 16– 74 år som enten røykte, brukte snus eller gjorde begge delar, ifølgje ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. Det har vore ein jamn nedgang dei fem siste åra, frå 36 prosent tobakksbrukarar i 2008.
Blant unge seier 21 prosent at dei brukar snus dagleg og 8 prosent av og til. Samtidig seier 7 prosent at dei røykjer dagleg, medan 15 prosent røykjer av og til.