Om ein vel å ta vekk tilskot for å tvinge fram ei samanslåing, er det ærlegare å berre bestemme at kommunane skal verte slått saman, meiner ordføraren i Fedje.

mm
Faktaboks

Alternative kommunestrukturar i Nordhordland:

• Alle: Modalen, Osterøy, Meland, Radøy, Lindås, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Gulen

•  Alle minus Osterøy

• Meland, Radøy, Lindås

• Modalen, Meland, Radøy, Lindås

• Austrheim, Fedje, Masfjorden, Gulen

Kjelde: Bergens Tidende

LES FAKTALUKK FAKTA

I mai skal den nye kommunereforma vere klar. Samstundes er det mange oppheta debattar om kommunestruktur og samanslåing rundt om i Noregs land. Ein av dei går føre seg i Nordhordland.

LES OGSÅ: Slik vil Venstre stimulera til samanslåing

Råkar dei små
For kommunar med mindre enn 3000 innbyggjarar kan ei samanslåing bety fem millionar mindre årleg i kommunekassa. Eit kutt av det såkalla småkommunetilskotet.

– Staten kan nytte pisk ved å syte for at kommunane mistar særskilde tilskot som småkommunetilskotet dersom dei ikkje slår seg saman, sa Kjetil Lie, kommuneforskar i Telemarksforsking, til NRK Dagsnytt i går.

Telemarksforsking har fått i oppdrag av Regionrådet Nordhordland å greie ut om konsekvensane av kommunesamanslåing i regionen. Lie dreg fram Fedje og Masfjorden som døme på småkommunar som vil tape fem millionar årleg om småkommunetilskotet fell bort.

Men det er ikkje første gong nokon går inn for å kutte småkommunetilskotet.  Framstegspartiet foreslo å kutte tilsaman ein milliard til dei 164 minste kommunar i fjor.

LES OGSÅ: «Superministeren» vil ha meir lokal makt

Viktig tilskot
Fleire av kommunane i Nordhordland har god og stabil økonomi, mellom anna på grunn av kraft og småkommunetilskotet.

– Det betyr mykje for Fedje kommune å få desse fem millionane, bekreftar Kristin Handeland (Ap), som er ordførar for 600 innbyggjarar på Fedje.

Kor viktig argument dette tilskotet er mot samanslåing kan ho ikkje gjere greie for. Det er ein samansett debatt med mange faktorar. Til våren skal kommunane avgjere om dei vil vere med på vegen vidare mot ein storkommune eller fleire små.

– Fedje ligg i utkanten, noko dei òg vil gjera i ein storkommune. Det gjer at eg mellom anna er uroa for tenestetilboda til våre innbyggjarar.

LES OGSÅ: Ørsta etterlyser gulrot for samanslåing

Den etterlyste gulrota
Ho trur at å presse frå ei samanslåing ved å ta vekk tilskot er ei dårleg løysing og får støtte frå Masfjorden-ordførar Karstein Totland (H). Han fortel at Masfjorden vil merke godt eit kutt på fem millionar over natta, særleg no når kraftinntektene har vore mindre enn tidlegare.

– Det kan ikkje vere slik at dette berre er ein måte for staten å spare pengar på og at dei berre går etter dei små. Det må vere ein gevinst i andre enden for innbyggjarane, seier Totland, og legg til:

– Eg er open for å gå vidare med utgreiingane om samanslåing, men slik det er no vil alle kommunane tape pengar på det etter at 20 år er gått og dei auka rammetilskota tek slutt. Det må vere ei gulrot i andre enden.

Også ordførarkollega Handeland meiner det er på tide å diskutera storkommunetilskotet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49
ANNONSE