«Superministeren» vil ha meir lokal makt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Superminister» vil flytte makt

– Eg er oppteken av at vi skal flytte meir makt og ansvar til kommunane, seier Sanner til NTB umiddelbart etter at han har fått nøklar frå både fornyingsminister Rigmor Aasrud (Ap) og kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp).

– Eg har veldig stor respekt for lokaldemokratiet og at folk skal ha størst mogleg innverknad på sin eigen kvardag. Å flytte makt og ansvar til kommunane er viktig. Vi ønskjer at kommunane skal få meir innverknad og mindre overprøving frå sentrale styresmakter, seier den nyslåtte kommunal- og moderniseringsministeren.

Vil ha breitt samarbeid
Høgre, Frp, Venstre og KrF vart alt tidleg i regjeringssonderingane einige om ein kommunereform. Sanner blir mannen som får jobben med å sette politikken ut i livet. Det vil han samarbeide breitt om i Stortinget.

– Eg er oppteken av at vi held tempo, men samtidig at det er ein ansvarleg prosess. Det er rett at H, KrF, Venstre og Framstegspartiet tidleg kom fram til at vi ønskjer å gjennomføre ein kommunereform, men samtidig er eg veldig tydeleg på at vi skal samarbeide med alle partia i Stortinget, seier Sanner.

– Skal vi oppnå det vi ønskjer, nemleg robuste kommunar, meir lokaldemokrati og enda betre velferdstenester, må vi samarbeide. Då blir det samarbeid med regjering og storting og med kommunane, legg han til.

Endrar struktur
Høgre/Frp-regjeringa slår Kommunal- og regionaldepartementet saman med Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD).

Det nye Kommunal- og moderniseringsdepartementet får ansvaret for fornyings- og administrasjonssakene frå det gamle FAD.

Med dette blir oppgåvene knytt til statleg og kommunal forvaltning samla i eitt departement.

Endringa blir gjort frå 1. januar 2014, og føremålet er større gjennomføringskraft, større trykk i forenklingsarbeidet og god framdrift i arbeidet med kommunereforma.

QUIZ: Kva veit du om Høgre?

Tolmodig og utolmodig
Løfta om avbyråkratisering og forenkling i det offentlege hamnar dermed på bordet til Sanner.

– Ein må vere både tolmodig og utolmodig når det gjeld moderniseringsarbeidet, seier Høgre-statsråden.

– Ein må vere tolmodig fordi den type prosessar kan vere krevjande, og ein skal ha respekt for menneska som jobbar i dei ulike systema. Samtidig må ein vere utolmodig for å oppnå resultat. Eg har god tru på at vi skal klare å få det til.

Sanner har i ei årrekkje vore ein av dei næraste medarbeidarane til Erna Solberg og vart rekna som sjølvskriven i regjeringa hennar.

Som statssekretærar får Sanner med seg den gamle SV-aren Paul Chaffey (H), Jardar Jensen (H) og Per-Willy Trudvang Amundsen (Frp). I tillegg er Anders Bals (H) utnemnt til statssekretær for samiske saker. (©NPK)