Etter over ti års tverrpolitisk samde om å satse på å få fleire funksjonshemma ut i arbeid, står utviklinga framleis stille.

Kristine Askvik, Silje Katrine Robinson (foto)
Kristine Askvik, Silje Katrine Robinson (foto)
Faktaboks

 Funksjonshemma og arbeidsliv

• Av alle funksjonshemma i alderen 15-66 år var i alt 42,7 prosent sysselsatt i andre kvartal i år.

• Andelen sysselsette i heile befolkninga var på same tid 74,2 prosent.

• Blant funksjonshemma menn har det vore ei lita auke i sysselsettinga med to prosentpoeng frå 2012 til 2013. For kvinner i alt har det vore inga endring.

• Av de 324 000 ikkje-sysselsette funksjonshemma, sa 86 000 at dei ynskja arbeid.

• Blant dei sysselsette med funksjonshemmingar jobbar 45 prosent deltid,  mot 26 prosent i befolkninga generelt.

• 57 prosent blant dei sysselsette funksjonshemma hadde fått tilrettelegging på arbeidsplassen. Blant dei som ikkje hadde fått tilrettelegging, meinte 16 prosent at det var behov for dette.

Kjelde: Arbeidskraftundersøkinga 2013, SSB

LES FAKTALUKK FAKTA

Viss ikkje noko endrast, er det stor risiko for at Marianne Knudsen og broren Adrian vil bli stengt ute frå arbeidslivet når dei vert vaksne. Dei vart fødd tre månader før termin og fikk cerebral parese. Søskenparet i Trondheim er to av 84.000 norske barn mellom seks og 15 år som lever med en funksjonshemning eller sjukdom som påverkar dei i kvardagen.

– Eg ynskjer å verte behandla som ein ressurs. Vi må få bort fordomane mot personar som er litt annleis, seier Marianne Knudsen (13).

LES OGSÅ: Lønsomt å gi funksjonshemma arbeid 

Tapar 43 milliardar
Ei spørjeundersøking Statistisk sentralbyrå har gjennomført syner at 86.000 vaksne med nedsett funksjonsevne som ynskjer å jobbe, står utanfor arbeidsmarknaden.

– At så mange funksjonshemma ikkje er i jobb, er totalt meiningslaust samfunnsøkonomisk, seier Victor Norman, professor ved Norges Handelshøyskole og tidligare arbeidsminister i Bondevik 2- regjeringa. Norman er styreleiar i Arbeidsgiverforening for vekst – og attføringsbedrifter og har jobba med kostnadar knytt til uføretrygd i ei årrekkje.

Personar med nedsett funksjonsevne er ei samansett gruppe, men Norman peiker på at dei fleste har ein produktivitet som ligg nær det gjennomsnittlege. Han anslår at det årleg kostar samfunnet rundt 43 milliardar kroner at 86.000 arbeidsvillige funksjonshemma står utanfor arbeidslivet. Talet er basert på Finansdepartementet sine berekningar for utrekning av bruttonasjonalprodukt. Kvar person tilfører i snitt samfunnet ein halv million kroner årlig ved å vere i arbeid.

– Det mest lønnsame er å gjere alt ein kan for å få dei i jobb, seier Norman. 

Han meiner det bør verte tilbod om varig tilskot til tilrettelegging og varig lønnstilskot, slik at arbeidsgjever på den måten slipp ekstra utgifter ved å tilsette funksjonshemma. På nokon områder meiner han og at kvotering for funksjonshemma bør vurderast. 

– Mange arbeidsgjevarar og tilsette tenkjer at det er rart å sjå funksjonshemma på sin arbeidsplass, at ein ikkje er vant med det. Viss ein gjennom kvotering kan sørgje for at fleire funksjonshemma kjem ut i arbeid, vil ein overkomme at dette.

Han trur ikkje verksemder har noko i mot å tilsette funksjonshemma, men at det kan verke litt skremmande. Og at dei tenkjer at det er komplisert å skulle forhalde seg til Nav.

– Difor må vi leggje til rette for gode system, seier Norman.

LES OGSÅ: – Noreg må utnytte arbeidskrafta betre

Laga eigen strategi
– Ein ynskjer folk med ulike former for nedsett funksjonsevne inne i arbeidslivet, men ein har ikkje lukkast. På dette området har velferdsstaten svikta, seier Hanne Bjurstrøm.

I 2012 sette den dåverande arbeidsminister Bjurstrøm og den raudgrøne regjeringa i gang ein jobbstrategi for personer med nedsett funksjonsevne. Strategien går mellom anna ut på å ruste opp Nav slik at dei får meir kompetanse og jobbar tettare opp mot næringslivet, og tilbyr eigne coacher til personer med nedsett funksjonsevne. Strategien er no under evaluering, ingen veit førebels om den har virka.

Tverrpolitisk enighet
Å få fleire funksjonshemma ut i arbeid er ein del av avtalen om eit inkluderande arbeidsliv og det har vore tverrpolitisk samde om å få det til.

– Trass i økt politisk merksemd og fleire tiltak, skjer det lite. Andelen funksjonshemma i arbeid har vært relativt stabil helt sidan SSB begynte å måle dette i 2002, seier forskar Inger Lise Skog Hansen ved Fafo. Bare 43 prosent av personer med nedsett funksjonsevne er i jobb, syner tal frå SSB. 

Hansen meiner mykje handlar om haldningar.

– Det må skapast ein større bevissthet i arbeidslivet om at kvalifiserte arbeidssøkjarar med nedsett funksjonsevne er ein ressurs og innehar verdifull kompetanse. Funksjonshemming må ikkje overskygge kompetansen.

Private verksemder med fleire enn femti tilsette og alle offentlige verksemder har aktivitets- og rapporteringsplikt om korleis dei legg til rette i si verksemd for å sikre like moglegheiter og hindre diskriminering av funksjonshemma.

– Det er viktig at ein følgjer opp aktivitets- og rapporteringsplikten og sjekkar at den vert overhalden, seier Hansen. 

Saka var først publisert i Aftenposten.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE