Lønsamt å gi funksjonshemma arbeid

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan spara 13 milliardar

– Arbeidsgjevarane må sjå at dette er menneske med ressursar og ikkje berre fokusere på funksjonsnedsetjinga, seier statsråd Inga Marte Thorkildsen.

I Noreg er det 78.000 funksjonshemma utan arbeid som ønskjer å vere i arbeid. Dersom 5 prosent av desse (14.500 personar) kjem seg ut i arbeidslivet, vil den samfunnsøkonomiske gevinsten vere på 13 milliardar kroner. Det kjem fram i ei undersøking gjort av Arbeidsforskingsinstituttet på bestilling frå Barne- og likestillings- og inkluderingsdepartementet.

– No veit vi at arbeid ikkje berre gir overskot for den enkelte, men rapporten viser at det også gir overskot for det norske samfunnet totalt sett, seier statsråd Inga Marte Thorkildsen. 

Samfunnet tener på sysselsetjing av personar i denne gruppa, sjølv med lønnstilskot på 300 000 kroner eller tiltak som funksjonsassistent for oppimot 270 000 kroner per år. Regjeringa presenterte hausten 2011 ein jobbstrategi for å få fleire med funksjonsnedsetjingar i jobb, og det er eit viktig mål for regjeringa å auke sysselsetjinga for funksjonshemma, spesielt dei unge.

Les òg: Barn er også folk