– Noreg må utnytte arbeidskrafta betre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Må utnytte arbeids- krafta betre

Måla for å inkludere funksjonshemma i arbeidslivet er ikkje nådd, seier arbeidsminister Anniken Huitfeldt tolv år etter at planen for eit inkluderande arbeidsliv kom på plass.

Ifølgje Arbeidsdepartementet står 78.000 funksjonshemma som ønskjer arbeid, utan jobb. 22.000 av dei er under 30 år.

Til sommaren startar forhandlingane om ein ny avtaleperiode for eit inkluderande arbeidsliv mellom partane i arbeidslivet og regjeringa. Huitfeldt seier ho vil gjere det enklare å kombinere stønad med jobb.

– Å jobbe noko er løysinga på å få til meir inkludering. Dersom vi lykkast, får vi fleire i deltid, seier Huitfeldt (Ap) til NTB.

Fredag var ho saman med Unge funksjonshemma, LO og NHO i Brussel for å lære av belgiske tiltak. Herifrå tek Huitfeldt med seg innspel om betre oppfølging av arbeidsgjevarane og økonomiske insentiv.

Huitfeldt meiner Noregs økonomiske suksess blant anna kan forklarast med den politiske innsatsen for å få kvinner inn i arbeidslivet.

– No gjeld det å inkludere dei som framleis står utanfor, seier ho og får støtte frå Birgit Skarstein frå Unge funksjonshemma. Ho meiner bedriftene må tørre å tenkje nytt.

– Eg skjønar ikkje at bedriftene tør å la vere. Det er så mykje verdfull arbeidskraft der som vil bidra til å styrke dei, gjere dei meir omstillingsdyktig, meir nytenkjande. Det er økonomisk å bruke denne arbeidskrafta, seier Skarstein.

– Vi må utnytte betre den arbeidskrafta som faktisk er i befolkninga. (©NPK)

Kva meiner du bør gjerast for å inkludera fleire i arbeidslivet?