Desse er mest nøgd med eigen kropp

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette gjev unge betre sjølvbilete

– Det er viktig at foreldre sjølv har eit positivt forhold til eigen kropp og utsjånad, seier Irene Kingswick, generalsekretær i Rådgiving om spiseforstyrrelser (ROS).

LES OGSÅ: Deppa jenter har mest fysisk vondt

Tre gode ting
Dårleg sjølvbilete knytt til kroppsbilete og utsjånad er eit problem for eit stort tal unge gutar og jenter. Svenske forskarar har sett på kva som går att hjå ungdommar med eit positivt kroppsbilete.

Tre ting kjenneteiknar ungdom som har eit positivt forhold til eigen kropp: Dei er oppteken av kroppens funksjonalitet, framfor utsjånad. Dei har eit bevisst forhold til medias kroppsideal, og dei har foreldre som ikkje fokuserer på mat og utsjånad, skriv Forsking.no.

Forskarar ved Gøteborgs universitet har følgt 1000 svenske ungdommar frå ulike sosiale lag i elleve år. Kvart tredje år spurde Kristina Holmqvist Gattario, og vegleiaren hennar Ann Frisén, ungdommane om deira forhold til eigen kropp og utsjånad.

LES OGSÅ: Verst på å oppsøkje skadelege nettsider

Misnøgde 16-åringar
Allereie når borna er ti år tykkjer ti prosent av jentene og 15 prosent av gutane at dei er for tjukke. Som 16-åringar tykkjer over 43 prosent av jentene og 16 prosent av gutane at dei er for tjukke.

Forskarane studerte 30 14-åringar som skilte seg ut med eit positivt kroppsbilete og 30 som skilte seg ut med eit negativt kroppsbilete.

Til sin doktorgrad har Holmqvist Gattario valt ut 60 14 åringar, av dei 1000. 30 som skilte seg ut med eit spesielt dårleg forhold til eigen kropp og 30 som var spesielt nøgd med kroppen sin.

LES OGSÅ: Bygdeborn meir overvektige

Fysisk aktivitet – for gøy
Eit godt heimemiljø gjekk att hjå dei med eit positivt kroppsbilete.

– Det er lite snakk om kropp og utsjånad heime hjå dei nøgde ungdommane. Når dei snakkar om slikt, er det ting som kan endrast. Til dømes klede og frisyrar, fortel Holmqvist Gattario til forsking.no.

– Desse ungdommane hadde ofte fått høyre frå foreldra sine at dei ikkje skulle bry seg så mykje om utsjånad, at det viktigaste er korleis dei er som menneskjer.

Dei nøgde ungdommane deltok ofte i fysisk aktivitet, fordi dei tykte det var gøy. Dei hadde meir fokus på kva kroppen deira kan gjere, enn korleis han ser ut.

Ifølgje Holmqvist Gattio forskaren er det fleire ting foreldre kan gjere for å gje borna eit godt sjølvbilete.

– Foreldre er førebilete for sine born. Borna høyrer og ser kva du som foreldre seier og gjer. Står du som vaksen framføre spegelen og gjer ei grimase som teikn på at du er misnøgd med din eigen utsjånad snappar barnet opp dette.

LES OGSÅ: Tenkjer seg tjukke

Ringar i vatnet
Irene Kingswick seier seg einig med forskaren.

– Eg trur mange foreldre ikkje er bevisste nok på at dette betyr noko. Små kommentarar til ein tenåring som er litt smålubben. Ei mor som er tydeleg misnøgd når ho speglar seg eller beklagar seg kvar gong ho et kan vere faktorar som får begeret til å renne over. Det vert ringar i vatnet.

Hennar beste råd er at familien et sunt og er i fysisk aktivitet, utan at det vert for mykje fokus på det.