Verst på å oppsøkje skadelege nettsider

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske barn verst i Europa

Rapporten frå forskingsprosjektet EU Kids Online, der 25.000 barn frå 25 land er intervjua, viser at norske barn og ungdommar er dei som oftast oppsøkjer nettsider som oppfordrar til hat mot folkegrupper, anoreksi, sjølvskading og sjølvmord, skriv Aftenbladet.

Situasjonen er så spesiell at heilt nye råd retta mot norske barn, ungdommar og foreldre no skal utarbeidast, skriv avisa.

Når EU-kommisjonen og aktørar frå heile Europa møtes for å diskutere temaet denne veka, skal dei diskutere ein pakke med råd.

LES OGSÅ: Mannleg lærar ville vera ven med dei finaste jentene

Høgast i Europa
– Anbefalingane vi gir andre land, treffer ikkje barn og foreldre i Noreg. Dette fordi norske barn har størst tilgang til handheldt utstyr, som smarttelefon, i Europa. Men også fordi vi ligg høgt på nettmobbing og bruk av skadelege nettsider, seier forskar Elisabeth Staksrud.

Undersøkinga viser at 16 prosent av norske barn mellom 11 og 16 år har vore inne på nettsider om sjølvskading. 9 prosent av barna i denne aldersgruppa oppsøkjer nettstader som fortel korleis dei kan gjere sjølvmord. Så mange som 31 prosent har vore inne på nettsider som dyrkar hat mot andre folkegrupper. 47 prosent av gutane og 42 prosent av jentene mellom 14 og 16 år har vore inne på hat-sider.

46 prosent av norske born har sett porno på nettet, og ein av fem har sendt eller motteke ei melding med seksuelt innhald. Begge deler er høgast i Europa.

LES OGSÅ: 9.500 mindreårige har delt nakenbilete av seg

Foreldre veit ikkje om mobbing
Ifølgje rapporten kjem det fram at mange foreldre kan bry seg meir om kva borna deira driv med på nett.

Staksrud er spesielt bekymra for at ingen av foreldra med låg inntekt melder om at borna deira blir mobba på nett, sjølv om ein veit at ein av fem born innanfor denne gruppa blir mobba på nett.

Faktaboks

Sjå rapporten her!