Vil teste ut «vinminipol»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil teste ut «vinminipol»

I dag er det 200 kommunar som ikkje har polutsal i Noreg, og av dei ønskjer 110 å få slike utsal.

LES OGSÅ: Vil behalde Vinmonopolet

Fleire distriktspol
Torsdag møttest styret i Vinmonopolet for å avgjere kor dei skal opne nye pol i 2014. Så sant dei finn eigna lokale i dei aktuelle kommunane, blir det polutsal tolv nye stader i åtte fylke.

– Vi ønskjer å opne ein god miks av små og mellomstore butikkar neste år. Fleire av dei kjem i distriktskommunar og betrar tilgangen i distrikta, seier administrerande direktør Kai G. Henriksen i Vinmonopolet.

Dei minste nyetableringane kjem i Radøy, Froland og Søndre Land, kommunar som har 5.000– 6.000 innbyggjarar. Noko særleg mindre kan ikkje ein utsalsstad vere, om han skal bere seg. Sjølv dei minste butikkane Vinmonopolet har i dag, er for stor for 95 av dei stadene som ønskjer seg polutsal.

LES OGSÅ: Raudvin på nynorsk

Testkommunar
– Den minste butikkategorien vi har no, som har eit produktutval på 400 fordelt på 100 kvadratmeter, må selje 50.000 liter alkoholhaldig drikke i året for å gå i null. Vi kan ikkje leggje eit så stort polutsal på ein liten stad med berre ein liten matbutikk ved hovudvegen, seier Henriksen i Vinmonopolet til NTB.

Løysinga har vorte eit «vinminipol», som er halvparten så stor som den tidlegare minstebutikken.

– På papiret skal eit pol på 40– 50 kvadratmeter med 200 produkt og minst 12 timar opningstid i veka kunne gå i null med eit sal på rundt 20.000 liter i året, seier Henriksen.

Så står det att å sjå om det fungerer i praksis:

– Vi er heilt i sluttspurten i utgreiinga no, og styret vårt kjem truleg i slutten av desember til å gjere vedtak om prøvedrift av slike småpol i eit par kommunar. Vi ser for oss fire timars opningstid torsdag, fredag og laurdag.

LES OGSÅ: Mindreårige får alkohol av eldre venner

Ikkje drikkepress
Henriksen strekar under at dette ikkje handlar om å få folk til å drikke meir, men om å gi folk eit tilbod:

– Både stat og kommunar ønskjer fleire polutsal. Viss denne nye storleiken fungerer, ser vi for oss at vi faktisk kan opne mange slike pol i åra som kjem. Det er 50– 100 kandidatar blant søkjarane. Her må vegen bli til mens vi går.

2013 blir det første året sidan 2000 med nedgang i omsetninga i Vinmonopolet.

– Det er ein ny situasjon for oss. Det er godt nytt viss det betyr at alkoholkonsumet i Noreg går ned, men det er eit tankekors viss det betyr at folk kjøper alkoholen andre stader enn hos Vinmonopolet. Det er ei utvikling politikarane ikkje ønskjer, seier Henriksen.

Hovudkonkurrentane til Vinmonopolet er grensehandel, taxfreesal og utelivsbransjen. Frå sommaren 2010 har reiseaktiviteten tatt seg opp, og med dei liberaliserte reglane for taxfreesal, som nye kvoteordningar og innreisesal, har flyplassane auka salet med 16– 17 prosent. Grensehandelen er stabil, men det svenske Systembolaget kan komme til å opne fleire butikkar langs grensa.

LES OGSÅ: Helseekspertar vil forby snus og pappvin

Faktaboks

Fakta om Vinmonopolet

• Det er i dag 288 polutsal fordelt på 228 kommunar i Noreg.
• Dei to siste opna torsdag 21. november på Nærbø i Rogaland og i Gjerdrum i Akershus.
• I 2014 kjem det 12 nye utsal.
• Det er 200 kommunar som ikkje har vinmonopol i Noreg, blant dei vil 110 kommunar ha pol, mens dei 90 andre ikkje har bedt om det.
• 89 prosent av befolkninga bur i ein kommune der det er pol, mens 95 prosent av befolkninga har under 30 kilometer til det næraste polet.
• Vinmonopolet har seks butikk-kategoriar, delt inn etter talet på kvadratmeter og produkt til sals.
• Vinmonopolet skal no prøve ut ein ny minivariant, som kan gjere det mogleg å ha utsal på fleire småstader.