Forsvaret innfører kjøtfri dag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forsvaret blir kjøtfritt

No skal Ola og Kari soldat få vegetarisk taco, lasagne og burgarar kvar måndag. Forsvaret har bestemt seg for å innføra kjøttfri måndag. Ein kjøttfri dag i veka tyder at dei sparar 150 tonn kjøt i året. Dette gjer Forsvaret av omsyn til både miljøet og helsa til soldatane.

– Forsvaret skal gjenspegla samfunnet. Og me ser eit stadig aukande medvit rundt miljøvennleg mat. Kjøttfrie dagar er eit klimatiltak. Men me støttar oss òg på offentlege kosthaldsråd, som seier me bør eta mindre kjøt av helsegrunnar, seier orlogskaptein Pål H. Stenberg til Aftenposten.

LES OGSÅ: Det er ikkje dyr alt som kan grillast

I løpet av tre år skal alle messer vera kjøttfrie på måndagar. Forsvaret er allereie leiande på økologisk mat.

Framtiden i våre hender, som står bak kampanjen Kjøttfri måndag i Noreg, har hatt god dialog med Forsvaret om innføringa av konseptet.

– Dette er heilt kanon! Forsvaret fortener masse skryt for å ta klima- og miljøproblema knytte til kjøttforbruket vårt på alvor, seier leiar i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad.

LES OGSÅ: – Vi skyv dyret ut av kjøtet

Faktaboks

• Ein vanleg nordmann set til livs over 1200 dyr i løpet av livet.
• 80 prosent av kornet i verda blir spist av husdyr
• klimagassutsleppa frå kjøtforbruket vårt er nesten like høgt som utsleppa frå bilparken vår.
• det går med 15000 liter vatn til produksjon av 1 kg kjøt.

Kjelde: Framtiden i våre hender