Forskar: Salt er verre enn tobakk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar: Salt er verre enn tobakk

 Ein har lenge visst at for mykje salt er skadeleg for helsa, men visste du at salt kan vere meir skadeleg enn tobakk?

– Forfedrane våre åt under eitt gram salt per dag, seier forskar Ulla Toft, til Forskning.no.

LES OGSÅ: – Dårleg kosthald er omsorgssvikt

Halvera saltet
Seniorforskaren ved Forskningscenter for Forebyggelse og Sundhed i København konstaterer at salt er livsnødvendig, men at for mykje salt er livsfarlig.

Nyleg var ho på Meeteat-konferansen i Oslo for å fortelje norsk kjøttbransje om salt i et helseperspektiv.

I dag et me betydeleg meir salt enn før – nærare bestemt ti gram dagleg. I Norge anbefaler Nasjonalt råd for ernæring å redusera til 6 gram for kvinner og 7 gram for menn innan 2018, og til 5 gram på lenger sikt. Ifølgje Toft er halvtanna gram salt om dagen er nok.

LES OGSÅ: Tallerken for betre kosthald

Hjartet i fare
Den største faren ved å ha for mykje salt i maten er at ein kan få høgt blodtrykk, som aukar faren for hjarte-karsjukdommar. Vidare peikar forskaren på kreft i magesekken, beinskjørhet og nyrestein, som andre moglege konsekvensar av for høgt saltinntak. Høgt blodtrykk har skulda for halvparten av tilfella med hjartekrampe og hjarteinnfarkt, i tillegg til 60 prosent av alle hjerneslag.

Toft har rekna på kor mange danske liv som kunne vore spart med eit lågare saltinntak. Danskane har tilnærma det same saltinntaket som nordmenn og overført til Noreg kunne minst 900 liv vore spart. Dette vil kan samfunnet òg potensielt spare minst ein milliard norske kroner på.

Ifølgje forskaren vil ein 15 prosent reduksjon i saltinntaket hindre nesten tre gongar så mange dødsfall som følgje av hjarte-karsjukdommar som ein 20 prosent reduksjon i røyking. Desse tala kjem frå forsking i land som ikkje har det same forbruket av salt og tobakk som Noreg, og kan difor ikkje samanliknast direkte. Toft ser likevel ein tendens.

LES OGSÅ: Du blir ikkje det du et

Salt kjøt og korn
Ifølgje Helsedirektoratet vil norske forbrukarar redusere saltetinga. Internasjonalt arbeider både WHO, EU og Nordisk ministerråd for å redusere saltet i maten vår.

Litt over halvparten av saltet i det norske kosthaldet kjem frå kjøtt- og kornprodukt. Men dette kan endrast. I Storbritannia har mediefokus ført til ein gradvis reduksjon i saltinnhald, utan at forbrukarane merkar forskjell i smaken. Her heime er saltinnhaldet i brød halvert frå 1984 til i dag.

Bordsaltet som dryssast på til sist er ein liten syndar i nordmenns store saltinntak. Dette saltet bidreg i tillegg meir til smaken, sidan det ikkje er blanda inn i maten. For å få mindre salt i maten er det produsentane som må redusere saltet.