Fjernar upassande ord i Nynorskordboka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjernar negerarbeid

Nynorskordboka skal oppdaterast. Rettskrivinga skal verte i samsvar med 2012-normalen, og språkforskarane skal tilpasse den 25 år gamle ordboka til moderne språkbruk, skriv Apollon.

Utdaterte ord
– Ordbøker eldast raskt. Sjølv om Nynorskordboka ikkje har noka spesiell slagside og berre er 25 år gammal, inneheld ho allereie ein del utdaterte ord og definisjonar, seier Christian-Emil Ore, som er leiar for Eining for digital dokumentasjon ved Universitetet i Oslo og ansvarleg for den språkteknologiske delen av ordbokrevisjonen.

Mange ord som før var gangbare i det norske språket, er ikkje veldig politisk korrekte i dag. På åttitalet reagerte ingen på sjørøvarvisa til Thorbjørn Egner om hottentottar, og negerkongen som var far til Pippi Langstrømpe var det heller ingen som hang seg opp i.

LES OGSÅ: Avis beklagar nynorsk

Første nynorskordbok
Også andre ord skal ut eller omdefinerast i ordboka. Det botaniske ordet negerhirse er eit slikt utdatert ord, i tillegg til ord som buskmenn og negerarbeid.

Nynorskordboka kom ut i 1986 etter 12 års arbeid. Det var den første ordboka på nynorsk i landet, over hundre år etter Ivar Aasen si ordbok kom ut, der alle ordforklaringane var på dansk.

Fram til 1986 fanst det berre enklare ordlister utan ordforklaringar, og ei mengd politiske rettskrivingsvedtak.

LES OGSÅ: – 1800-talet ringte og vil ha språksynet sitt attende