Kuttar vekk Olav H. Hauge-senteret

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum er svært overraska over statsbudsjettet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kuttar vekk Hauge-senteret

Regjeringa og kulturminister Thorhild Widvey kuttar vekk Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum er svært overraska.

– At regjeringa føreslår å kutte investeringsmidlane til Hauge-senteret, er svært uventa, fagleg uforståeleg og stussleg kulturpolitikk, seier Grepstad, som no fryktar at opninga av Hauge-senteret i 2014 ikkje vert noko av.

Olav H. Hauge-senteret er etablert som ein del av Nynorsk kultursentrum. Det er planlagt opning i 2014, og opninga skulle vere ein viktig del av Grunnlovsjubileet i Hardanger og Noreg.

LES OGSÅ: Ukjende Olav H. Hauge-tekstar

Kuttar investeringar
Når regjeringa no kuttar investeringa til Olav H. Hauge-senteret, er det som ein lekk i redusere investeringsutgiftene til fleire planlagde nasjonale kulturbygg. Kutta gjeld Vestfoldmuseene – Hvalfangstmuseet, Museene for kystkultur og gjenreising i Finnmark – Nordkappmuseet, Hurtigrutemuseet – vernebygg, Nynorsk kultursentrum – Olav H. Hauge-senteret, Sør-Troms museum – Trondenes Historiske Senter og Fylkesscene Østfold.

Grepstad meiner Kulturdepartementet har mistydd når det gjeld Hauge-senteret.

– Statssekretær Knut Olav Åmås viser til at dei kuttar alle nybygg i 2014. Framlegget om å kutte Hauge-senteret rammar heilt feil, for dette er ikkje noko nybygg, men gjenbruk av eksisterande bygning, seier Grepstad.

LES OGSÅ: Brev som blei til kjærleik

Har vore kjent
Han meiner regjeringa sitt forslag tek frå aktørane sjansen til å utvikle Hauge-senteret vidare i tråd med dei føresetnadene departement, fylkeskommune og kommune har vore kjende med i fleire år

– Vi har lagt stor vekt på å få til ein fagleg solid utstillingsplan, og er det nokon som burde ha sans for det, er det politisk leiing i Kulturdepartementet.

Grepstad meiner Hauge-senteret og basisutstillinga er rimeleg.

– Utstillingsbudsjettet er på 4,5 mill. kr. Vi har teke ansvaret for å skaffe 3 av dei millionane og er på god veg. Løyvinga på 1,5 mill. kr frå staten er innanfor den ramma på 30 % statstilskot som har vore regelen i mange år. Dette prosjektet er truleg eit av dei rimelegaste i bunken. Få lagar ei ny basisutstilling for berre 4,5 mill. kr, seier Grepstad.

Han insisterer på at Olav H. Hauge-senteret er eit grundig gjennomarbeidd prosjekt som departementet vurderte fagleg tidlegare i år og som den førre regjeringa sa ja til.

– Prosjektet er ikkje blitt fagleg dårlegare sidan august, seier Grepstad.

Ulvik
Han viser vidare til at Ulvik herad har gått inn med mykje meir pengar i dette prosjektet enn kommunane plar gjere.

– Staten har sleppt billig unna i heile dette prosjektet, seier Grepstad.

– Med ferdig utstilling og komplett publikumstilbod frå mai 2014 skulle vi til å skaffe dei eigeninntektene i drifta til regjeringspartia legg vekt på at også kulturinstitusjonar skal skaffe. Ved å kutte løyvinga hindrar staten oss i å skape dei eigeninntektene i eit prosjekt vi har bygt opp målretta og nøkternt år for år, poengterer Grepstad.

LES OGSÅ: Fortel Olav H. Hauge sanninga?

Stortinget
Han fortel at merksemda no vert retta mot Stortinget.

– Der skal finanskomiteen no leggje rammene for kvar stortingskomité, og måndag kveld tek vi opp saka i budsjetthøyring i kulturkomiteen, seier Grepstad.

Han fryktar likevel at ei avgjerd i Stortinget kan kome for seint til at Nynorsk kultursentrum maktar å halde framdriftsplanen og gi publikum det tilbodet som er planlagt alt i 2014.

– Det er tydeleg at vi snarast må be om møte med politisk leiing i Kulturdepartementet, seier Grepstad.

Les saka i Møre-Nytt!