Treng 60.000 fleire lærarar i 2030

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil mangla 22.000 lærarar

Dei som ikkje har høgare eller yrkesretta utdanning, vil oppleva ein stadig trongare arbeidsmarknad i åra fram mot 2030. Det viser ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå. Behovet for arbeidskraft med høgare utdanning, særleg innanfor lærarutdanning og helse, pleie og omsorg, vil auka spesielt mykje i åra som kjem.

Det vil vera minka behov for arbeidskrafta til dei som berre har grunnskule eller grunnkurs frå vidaregåande skule. Inkludert dei med ukjend utdanning vil bare 16 prosent av etterspurnaden rette seg mot dei som berre har grunnskule eller grunnkurs frå vidaregåande skule i 2030, mot 22 prosent i 2010.

LES OGSÅ: – Styr unna hobbyen som yrke

For mange juristar og humanistar
Rapporten til Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det vil bli utdanna fleire enn det vil vera behov for med høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, samfunnsvitskap, jus og humanistiske fag. I 2030 vil det vera 38.000 fleire med høgare økonomisk og administrativ utdanning enn det er behov for, ifølgje rapporten.

LES OGSÅ: Annankvar ingeniørspire manglar studieplass

Nok ingeniørar
Tysdag la også ingeniørorganisasjonen NITO fram si arbeidsmarknadsundersøking. Den viser at det enno er mangel på ingeniører i Norge, men det ser ut som underskotet på ingeniørkompetansen er minkande, sjølv om dette ikkje har slått ut i auka arbeidsløyse blant ingeniørane.

Medan det i dag er ein mangel på ingeniørar og særleg sivilingeniørar, ser det ut til at det aukande behovet vil bli stetta av om lag like mange ferdigutdanna ingeniørar. Dette skuldast ein stor auke i talet på studentar som byrjar på og fullfører ingeniørutdanning, ifølgje rapporten til SSB.

Jobbar for fleire lærarar
Rapporten viser at stadig fleire må velja lærar- og sjukepleiarutdanning for å fylla behovet for desse yrkesgruppene. I 2030 vil det vera behov for 55.000 fleire sjukepleiarar og omsorgsarbeidarar og 60.000 lærarar. Sjølv om fleire vil bli lærarar, vil ikkje talet på nyutdanna lærarar og sjukepleiarar dekkja heile behovet. Ifølgje SSB ser det ut til at det vil vera mangel på 22.000 lærarar og 48.000 sjukepleiarar i 2030.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier at regjeringa vil jobba målretta for at det skal bli meir attraktivt å vera lærar.

– Vårt mål er at fleire skal ønskja å bli lærarar og at fleire av dei som allereie har ei lærarutdanning skal fortsetja å jobba i skulen, seier Røe Isaksen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Mangel på fagfolk kan gi bråstopp

Treng løft for yrkesfaga
Etterspurnaden etter arbeidskraft med vidaregåande fagutdanning veks raskare enn tilbodet. Svak gjennomføring i vidaregåande fagutdanning er ei viktig årsak til dette. I 2030 vil Noreg mangla 42.000 fagarbeidarar innan byggfag og 66.000 fagarbeidarar innan elektro og mekaniske fag.

Ådne Cappelen, forskar ved Statistisk sentralbyrå, seier til Framtida.no at dette er noko av det som har overraska dei mest, at graden av fullføring ikkje er høgare i yrkesfaga på vidaregåande.

– Noreg treng dyktige fagfolk og difor vil regjeringa satsa på yrkesfaga. Denne rapporten understrekar nok ein gang kor viktig det er at me får fleire til å fullføra vidaregående skule, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

LES MEIR OM YRKESVAL HER!