Annankvar ingeniørspire manglar studieplass
Fleire enn 16.000 drøymer om å studere realfag eller teknologifag til hausten. Berre halvparten får plass.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fagforeininga Tekna spår mangel på arbeidskraft som næringslivet etterspør.
– Vi kan ikkje oppfordre unge til å velje desse utdanningane i den eine augneblinken, for så i neste augneblink møte dei med stengte dører, seier leiar Kim Allgot i studentutvalet i Tekna til NTB. Han viser til at regjeringa skryt av rekordsøkinga til ingeniørfaga og at dette blant anna må tilskrivast myndigheitene si satsing på rekruttering.
LES OGSÅ: Aukande mangel på ingeniørar i Europa
– Men tala frå Samordna opptak viser at det er mellom to og tre kvalifiserte søkjarar per studieplass. Det er på tide at regjeringa satsar reelt på å opprette nye studieplassar og samtidig sørgjer for at utdanninga held høg kvalitet – ikkje minst når det gjeld utstyr og ressursar, seier han.
Oppdaterte tal frå Samordna opptak viser at 16.764 søkjarar hadde eit real- eller teknologisk fag øvst på prioriteringslista si før studieopptaket til hausten. Talet på studieplassar er under det halve, nemleg 8.162.
LES OGSÅ: Sommarferie på laboratoriet