KrFU: – Me må jobba meir og lenger

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil sjå på sjukeløna

– For komande generasjonar vil ei aldrande befolkning og auka krav til kvalitet på velferdstenester vere utfordringar som velferdssamfunnet må takle. Viss me i framtida skal ha ei sterk og berekraftig velferd må me starta førebuinga på desse utfordringane i dag, heiter det i ein resolusjon som blei vedtatt på landsmøtet til Kristeleg Folkepartis ungdom.

Tal frå perspektivmeldinga viser at der det i dag er 4 personar i arbeidsfør alder per eldre vil det i 2060 vere 2.2. Dette betyr at fleire må jobba meir og lenger for at velferdsordningane skal vera bærekraftige.

LES OGSÅ:– Vil setja tydeleg KrFU-merke på norsk politikk

Vil gå gjennom sjukelønsordninga
– Arbeidslinja må sikrast slik at det alltid løner seg å jobba. Pensjonssystemet må endrast slik at det lønnar seg meir enn i dag å stå i jobb. KrFU ønskjer ein gjennomgang av sjukelønsordninga der ein ser på byrdefordelinga mellom det offentlege, arbeidsgivar og arbeidstakar. Til dømes med sikte på å prioritere langtidssjukefråvere, heiter det i resolusjonen.

Nyvald KrFU-leiar Emil Andre Erstad tilbakeviser at dette betyr at ungdomspartiet går inn for å kutta i sjukeløna.

– Me meiner det som står i vedtaket; at me vil ha ein gjennomgang, seier han til Framtida.no. Målet med gjennomgangen er å sjå på korleis ein kan gjera velferdsordninga meir effektiv og korleis ein kan prioritera sosialt.

Sundvolden-erklæringa til Høgre-Frp-regjeringa slår fast at dei vil vidareføra dagens sjukelønsordning. Men KrFU-leiaren har tru på at dei skal vera med på ein gjennomgang av ordninga.

– Eg meiner dette skal vera mogleg å få til med dagens regjering, seier han.

LES OGSÅ:Ny KrFU-leiar vil opna opp partiet

– Oljefondet ikkje nok
KrFU meiner det er nødvendig at kvaliteten på offentleg velferd må auka for å halda oppe velferdsstaten sin legitimitet. Dette må møtast med ei auke i effektiviteten i offentleg sektor, og at velferdsordningar i større grad rettast inn mot dei med minst betalingsevne. KrFU meiner ikkje det er fornuftig å senke skattenivået generelt, i staden bør ein gjere endringar som sikrar grøn omlegging, vekst og eit næringsliv med konkurransekraft.

– Statens pensjonsfond utland er med på å sikra framtida sin velferd, men dersom prognosane for eldrebølja og kostnadsauke for velferda frå perspektivmeldinga stemmer vil ikkje pensjonsfondet vera nok. Den største veksten i offentlege velferdsutgifter vil komme etter 2020, medan mengda oljepengar i statsbudsjettet aukar mest i perioden fram til 2020. Derfor ønskjer KrFU å bruka mindre oljepengar i norsk økonomi av omsyn til framtidige generasjonar, heiter det i resolusjonen frå partiet.

LES OGSÅ:– Den viktigaste debatten me ikkje har