– Den viktigaste debatten vi ikkje har

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den viktigaste debatten

KrFU vil ha meir behovsprøving og kutt i sjukelønna, Unge Høgre meiner pensjonsreforma er eit ungdomsran, og Unge Venstre meiner vi må slutte å oljedope statsbudsjettet og vil på sikt vurdere både velferdskutt og skatteauke.

– Dette er den viktigaste debatten vi ikkje kjem til å ha i valkampen, sa Unge Venstre-leier Sveinung Rotevatn under ungdomspartileiar-debatten på Arendalsuka.

AUF-leiar Eskil Pedersen er derimot ikkje samd i premissane, og trur Noreg kjem til å vera eit annleisland også i framtida.

– Vi må vera litt meir kreative enn det høgresida vil, seier han til Framtida.no. Og meiner kutt i velferda er feil politikk.

Langt inne i desserten
Ifylgje regjeringas eiga perspektivmelding, lagt fram tidligare i år, vil statens utgifter vera høgare enn inntektene i 2025, med same velferds- og skattenivå som i dag. Held ein seg til dagens handlingsregel på 4 prosent vil oljefondet vera oppbrukt i 2035. I 2060 vil underskotet på statsbudsjettet vera 6,1 prosent av brutto nasjonalprodukt – vi vil gå i minus med 140 milliardar 2013-kroner, om vi ikkje jobbar meir, aukar skattane eller kuttar i utgiftene.

– Eg er overtydd om at dette er ein generasjonskonflikt. Medan vi unge sit og ser på har foreldregenerasjonen forsynt seg grovt av middagen og er langt inne i desserten. Dei vaksne politikarane våre diskuterar berre kva vi skal ha meir til og kor vi skal auke, medan realiteten er at vi vert nøydd til å tenkje kor vi skal kutte og kven vi skal prioritere, sa KrFU-leiar Elisabeth Løland under debatten. Ho ynskjer meir behovsprøving av velferdsytingar, mellom anna for å prioritere dei 74 000 fattige borna i Noreg.

Behovsprøving er også noko Unge Venstre-leiar, Sveinung Rotevatn ynskjer seg.

– Når 50 prosent set barnetrygda rett inn på konto, er det klart vi treng behovsprøving.

LES OGSÅ:SSB: – Norske barn er lønsame

Ungdomsranet
Rotevatn meiner rettferd mellom generasjonane er eit av dei viktigaste spørsmåla vi står overfor, men som dei vaksne politikarane ikkje tek opp. Fordi ein ikkje må før om 10-15 år.

– Vaksenpartia vil ikkje diskutere dette, men vi ungdommar gjer det, seier han til Framtida.no.

– Vi bygger eit samfunn som ikkje går opp. Vi må slutte å oljedope statsbudsjettet. Held vi fram med å jobbe mindre og auke velferdsnivået slik vi gjer i dag, vil vi gå 600 milliardar i underskot i 2060 og då vil oljefondet vera tomt. Då har eg tenkt å gå av med pensjon, men det vil ikkje vera nokon pensjon merka Sveinung Rotevatn.

LES OGSÅ:– Ikkje bruk opp pengane våre!

Han meiner statsbudsjettet er for høgt i dag, og det å senke handlingsregelen til tre prosent av avkastinga av oljefondet er ein av tinga han ynskjer å endre ved moderpartiets politikk.

Rotevatn meiner også staten må slutte å bruke pengar på AFP, som gjev arbeidstakarar høve til å gå av med pensjon når dei fyller 62 år.

Og nett pensjon er fleire ungdomsleiarar opptekne av.

– Pensjonsreforma er eit ungdomsran. Vi treng ein ny pensjonsreform der vi justerer for levelalder endå kraftigare, sa Unge Høgre-leiar Paul Joakim Sandøy under ungdomspartileiardebatten. Han meiner perspektivmeldinga synte at vi må jobbe meir, og at noko av løysinga er å få folk til å stå endå lenger i arbeid.

LES OGSÅ:Aarebrot om eldre veljarar: – Ekle, egoistiske bandittar

Vil kutte i sjukeløna
Elisabeth Løland vil ikkje vente 10-15 år med å kutte. Ho meiner ein må gjere ei vurdering av kven av dei sjuke ein skal prioritere, og vil ha kutt i sjukelønsordninga.

– Vi som er friske og raske, men som heime 1 til 3 dagar med influensa kan godt dekke noko sjølve, sa ho i Arendal. Og ser for seg ei løysing der arbeidstakarane dekkjer halvparten sjølv i desse tilfella.

Sveinung Rotevatn meiner også ein kan diskutere det korte sjukefråveret, men at dette ikkje er det viktigaste.

– Når 50 prosent av fråveret på ein dag skuldast alkohol og ein ser at sjukefråveret går opp under VM i fotball, kan vi gjerne diskutere slik som karensdagar. Men det alvorlege er at sjukefråveret vårt er dobbelt så høgt som i Sverige, og det viktige er langtidsfråveret. Er ein sjukmeldt eit år får ein 100 prosent løn, er ein sjuk lenger enn det rasar ein derimot nedover i inntekt, og vert ein arbeidsledig får ein berre 66 prosent. Dette gapet vi må tette, meiner han.

– Vi treng ei sjukelønsordning der det alltid løner seg å jobbe.

LES OGSÅ:Kan kutte 15 milliardar i skattar

Annleislandet
Ein som derimot ikkje vil kutte i sjukeløna, er AUF-leiar Eskil Pedersen.

– Vi vil ha nett same sjukelønn som i dag, sa Pedersen i Arendal. Han meiner ein må slå ned på misbruk, men at kutt i sjukeløna kan ha fleire konsekvensar enn ein trur. Og peikar på at den rause sjukelønnsordninga har vore med å bidra til den høge sysselsettinga i Noreg, med at arbeidsgjevarar tør å satse på fleire grupper.

Han er meir optimist enn pessimist i spørsmålet om generasjonskonflikta, sjølv om han understrekar at det handlar om kva val ein tek og om utviklinga elles i verda.

– For 10-15 år sidan meinte folk Noreg ikkje kom til å klare seg i globaliseringa, og høgresida meinte vi ikkje hadde råd til rettane vi har i arbeidslivet og at pensjonane måtte kuttast. No har vi hatt det største økonomiske tilbakeslaget på svært lenge, og vi har klart oss betre enn alle land rundt oss, seier han til Framtida.no.

Pedersen meiner oljepengane er ei for for enkel forklaring på kvifor vi klarer oss bra økonomisk, men at det handlar meir om den høge deltakinga i arbeidslivet. Og at vi har så mange kvinner i arbeidslivet skuldast politikk, som full barnehagedekning og gode pensjonsordningar.

– Eg trur det er mogeleg å oppretthalde velferdsstaten med eit rettferdig skattesystem, og med å få fleire gruppe med i arbeidslivet, som funksjonshemma og minoritetar, held han fram. Og har som ambisjon at Noreg skal vera eit annleisland også i framtida.

– Vi er produktive, og gode på omstilling og omskulering. Skulesystemet lærer oss samarbeid og gjer oss til kritiske vesen. Slik har vi bygd fortrinn i ei verd som stadig endrar seg.

Samstundes meiner Pedersen vi ikkje skal bruke meir enn dagens handlingsregel for å spare til framtidige generasjonar. 

LES OGSÅ:Fleirtal vil ha høg skatt

Meir skatt
Fleire av ungdomspartia meiner også ein må auke skattane på sikt. Sveinung Rotevatn meiner det er for tideleg no, men at skattebetalarane kan måtte betale noko meir i framtida. 

– I 2025 er det ikkje nok å gjere endringar i velferdsnivået, sa han i Arendal. Og peika mellom anna på dei 40 milliardane som vert overført frå dei som er utanfor til dei som er innanfor på bustadmarknaden gjennom rentefrådraget.

I likskap med Sveinung Rotevatn, understrekar Eskil Pedersen at hans parti ikkje går til val på høgare skattar no. Samstundes er det å gå til val på å ikkje røre skattenivået noko han kunne tenkje seg å endre ved moderpartiets politikk, og meiner til dømes finansskatt kunne vore med å redusert forskjellane i Noreg.

– Skattenivået er noko å sjå på i framtida. Særleg for finanssektoren som har ekstremt god inntening, mellom anna på valutatransaksjonar. Men noko av dette må også løysast gjennom internasjonalt samarbeid. Ein bør i alle fall ikkje kutte i skattane, seier han til Framtida.no.

Kva meiner du? Bør bruken av oljepengar reduserast? Eller bør det bli høgare skattar for å halda på velferden? Diskutér i kommentarfeltet!