– Vil setja tydeleg KrFU-merke på norsk politikk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valkomiteen i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) har innstilt Emil André Erstad som ny leiar i organisasjonen. Han har tidlegare vore fylkesleiar i Hordaland KrFU og har vore første nestleiaren for KrFU nasjonalt det siste året. Han er i ferd med å fullføra ein bachelorgrad i samanliknande politikk. Leiar av valkomitéen, Erlend Kjærnsrød, er sikker på at Erstad vil gjera ein svært god jobb.

– Emil har både eit enormt engasjement og stor kunnskap om dei politiske områda som er viktigast for KrFU. Han er ein dugeleg leiar og har stor tillit i heile organisasjonen. Eg er overtydd om at han vil gjera ein strålande jobb som KrFU-leiar, seier Kjærnsrød.

Valet av ny leiar vil skje på KrFUs landsmøte som blir arrangert i Asker 18. – 20. oktober.

– Eg ser fram til landsmøtet og håpar eg får tillit til å leia organisasjonen framover i ei spennande tid for KrF og for norsk politikk. Politikken til KrFU kan bli norsk politikk, uttalar Emil André Erstad.

LES OGSÅ: Vil gjera Noreg karbonnegativt

Vil setja avtrykk på politikken
Emil André Erstad seier til Framtida.no at han er veldig nøgd med den nye avtalen mellom dei fire ikkje-sosialistiske partia, og gjennomslaget for amnesti for asylbarn og nei til konsekvensutgreiing i Lofoten, Vesterålen og Senja.

– Eg er veldig tilhengjar av å ikkje knyta oss for tett til den nye regjeringa, seier han.

Erstad ynskjer å dra nytte av den nye opposisjonsrolla KrF har fått på Stortinget.

– Politikken til KrFU vil bli avgjerande i tida framover. Me kjem til å kjempa med nebb og klør for at politikken vår på viktige område som utvikling og miljø skal bli prioritert opp mot den nye regjeringa. Me ynskjer å vera det ungdomspartiet med størst gjennomslagskraft. Det har vi alle høve til med dagens politiske situasjon, seier Emil André Erstad.

– Eg vil prioritera å vera synleg i media, og visa fram kristendemokratiet. Eg vil byggja eit lag som får gjennomslag, og byggja vidare på det som Elisabeth har gjort for å samla organisasjonen, seier Erstad på telefon frå Bucuresti, der han no møter andre kristlegdemokratiske ungdomsparti .

LES OGSÅ: – Den viktigaste debatten me ikkje har

Berekraft
I valkampen gjekk KrFU ut i Aftenposten og kritiserte eige og andre parti for å ikkje vera ærlege på kva som ligg framfor oss, og at ein må starta å kutta i velferdsstaten før oljeinntektene går ned. Partileiar Elisabeth Løland meinte rekninga blir gjeve til komande generasjonar.

– Dette er eit av spørsmåla me kan få gjennomslag for i budsjetta, seier Erstad. Han legg til at han forventar ein offensiv utviklingspolitikk og at ein bruker oljefondet til å investera i utviklingsland og til utvikling av fornybar energi.

– Det vil gje endå meir berekraft for jorda vår.

Sterk nynorskleiing
Emil André Erstad frå Radøy skriv nynorsk, og kan ta noko av æra for at Facebook i dag finst på nynorsk. For fleire år sidan starta han ei facebookgruppe til støtte for nettopp dette.

– Målsak er viktig for meg, seier Erstad til Framtida.no.

Med seg i leiinga får han to nestleiarar som også skriv nynorsk; 2. nestleiar Tone Marit Håland Dyrkolbotn og 3. nestleiar Tore Storehaug, i tillegg til 1. nestleiar Ida Lindtveit som har bokmål som hovudmål.

LES OGSÅ: Vil ha far i fokus på lik linje med mor

– Korleis vil det vera å vera småbarnspappa og leiar av eit ungdomsparti?

– Det er kanskje ein uvant kombinasjon. Eg er opptatt av å representera ungdom, også dei som har fått barn tidleg. Det er ei sak som eg har tenkt gjennom, og det betyr mellom anna at eg må vera meir effektiv når eg er på jobb, seier han.

– Kva meiner du om stemmerett for 16-åringar?

– Eg har tvilt meg fram til eit nei.

Faktaboks

Emil André Erstad (22) kjem frå Radøy.
1. nestleiar i KrFU, og tidlegare leiar i Hordaland KrFU.
Innstilt av valkomiteen som leiar av KrFU.
Studerer samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.
Gift og eitt barn.
Likar å gå på ski.
Tidlegare ungdomsmeister i Noreg på 800 meter.
Landsmøtet til KrFU blir arrangert i Asker 18. – 20. oktober.