Kreativ nynorsk på utstilling

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hadde mange idear og byrja på oppgåva på bokmål. Etter ei stund sat eg fast. Då eg skifta til nynorsk gjekk det lettare og vart meir kreativt, fortel Sandra Vestheim (18) frå  Kristiansund.

Filmen hennar «Språk i min kvardag» er eitt av bidraga under Nasjonalbiblioteket si utstilling «Leve språket!», som opnar den 26. september, på den europeiske språkdagen.

LES OGSÅ: – Slutt å kalla det sidemål

Sidemålsprosjekt
Utstillinga skal formidle språklege overraskingar og nye tankar om kva språk er og kan vere. Ho tek sikte på å gje døme på språk i si fulle breidde – alt frå norsk, samisk, teiknspråk og urdu til talespråk, skriftspråk og kroppsspråk, samt seie noko om korleis språket har utvikla seg.

Tidlegare i år skipa Nasjonalbiblioteket ein konkurranse med tema «Språk i ditt liv», som var open for elevar frå barneskule, ungdomsskule og vidaregåande. Elevane kunne levere inn bilete, montasjar, tekstar eller filmar.  På kvart skulenivå vart det kåra ein fyrsteplass og to andreplassar, som vert vist under utstillinga. Bibliotek rundt om i landet har òg fått tilbod om ein plakatversjon av utstillinga, i tillegg til at ho vert tilgjengeleg på nett.

Vestheim har nynorsk som sidemål, det er difor litt spesielt at ho står for det einaste vinnande nynorskbidraget i konkurransen.

Når kristiansundsjenta fortel at ho skriv på nynorsk kvar gong ho får velje, og at ho bloggar på nynorsk, vert det klart at ho eigentleg er ein nynorskbrukar, med nynorsk som sidemål.

– Nynorsk liknar meir på slik eg tenkjer. Når eg skriv bokmål vert det gjerne litt nynorskaktig, noko eg ikkje tykkjer er så fint. Då er det betre at eg skriv nynorsk litt bokmålaktig, forklarar Vestheim, som held eit ganske jamt nivå i begge målformene, sjølv om dei nærmar seg kvarandre.

LES OGSÅ: Jublar for eigen karakter i sidemål

Humoristisk vri
Filmskaparen, som går tredje året på Tekniske og allmenne fag med kjemiprosess (TAF), tykkjer det er spanande at hennar vesle vidaregåandeskuleoppgåve no skal synast for ein god del folk. Ho kan diverre ikkje sjå hovudutstillinga i Oslo, men nettutstillinga er ikkje like langt å reise til.

– Eg vart inspirert av filmar på Youtube der dei teiknar og skriv. Eg ville skrive og eg ville lage ein film, fortel Vestheim.

Vestheim kom på delt andreplass og juryen la vekt på at filmen var godt komponert og hadde ein humoristisk vri på slutten.

I filmen teiknar ho bestemor, som er frå Smøla, og korleis ho legg om til smøladialekt når ho pratar med ho.

– Ein gong snakka eg med bestemor i telefonen medan eg hadde vener rundt meg. Etterpå såg dei rart på meg og spurde kva eg sa.

LES OGSÅ: NRK får skryt for meir nynorsk og dialekt

Din fuss
Men det er ikkje berre kristiansundsungdom, som tykkjer at smøladialekt er rart.

– Dei siste åra har mange yngre i Kristiansund byrja å snakke litt rart, meiner Vestheim, og trekk fram døme som at den ungdommen seier “ikke” og “han”, noko som liknar meir bokmål enn kristiansundsdialekt.

Sjølv om nokon kanskje vert litt avslipte i dialekta si er det likevel liv i eigne kristiansundsutrykk:

– Om eg seier: “Kast stappa di i boss, din fuss”, skjønar du kva eg seier då?

– Nei?

– Stappa er ei stappe, som potetstappe, og fuss er ein person som ikkje har vaska seg på ei stund.

Sjå filmen laga av Sandra Vestheim i vindauga under.