– Slutt å kalla det sidemål
Iril Schou Johansen (H) lurer på kven som har lyst til å læra noko som blir sett på så lite viktig at ein kallar det sidemål.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Går det an å kalla det plussmål eller bonusmål, så er det betre, seier Iril Schou Johansen. Ho sit på fylkestinget for Hordaland Høgre. Ho er mot fleirtalet i programkomiteen som vil gjera det valfritt for både elevar og byråkratar kva målform dei nyttar. Saman med fleire Høgrepolitikarar frå Vestlandet mobiliserer ho no mot framlegget om å svekkja jamstillinga mellom nynorsk og bokmål.
– Det er eit populistisk forslag frå ungdom som dessverre har eit negativt forhold til nynorsken, seier ho.
– Argumentet om at stakkars elevar må få sleppa å læra nynorsk som sidemål kjøper eg ikkje. Er du i stand til å læra engelsk, fransk og tysk, så er du i stand til å læra nynorsk. Noko anna er vikarierande motiv og latskap.
Det slo Iril Schou Johansen fast i ein debatt om nynorsk og sidemål på skulen på landstinget til Landssamanslutninga for nynorskkommunar sist veke.
Likar bonusspråk
– Eg likar best bonusspråk, repliserte Jan Olav Fretland. Han underviser lærarstudentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og sit på 2. plass på stortingslista til SV i fylket.
I debatten la han vekt på at lærarar i nynorskkommunar òg må jobba med å få fleire elevar til å synast det er viktig å læra nynorsk og halda på målforma.
Språkbad
Leiar for Bergen AUF, Øystein Hassel, tok i debatten til orde for språkbad i vidaregåande skule, slik at elevane får intensiv trening i ein lengre periode. Han sa han difor ikkje er redd for å ha avsluttande eksamen i sidemål på andretrinnet.
QUIZ: Skjønar du bokmål?
Målungdommen: – Positivt
Leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, har skrive boka “Kva skal vi med sidemål?” saman med Janne Nygård. Han kan gjerne tenkja seg å få eit meir positivt lada ord enn sidemål.
– Eg har eit ambivalent forhold til det uttrykket. Bonusmål høyrest betre ut, og det finst sikkert mange andre namn som er betre enn sidemål, seier han til Framtida.no.
I dagens læreplan bruker ein berre uttrykket sidemål når det er snakk om eksamen og vurdering, medan forslaget til ny læreplan bruker sidemål og hovudmål også om kompetansemåla for skrivinga.

Frå venstre: Åsta Årøen, 2. kandidat for Venstre i Hordaland, leiar i Bergen AUF Øystein Hassel, Iril Schou Johansen (H) og førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Jan Olav Fretland.
Kva synest du om forslaget om å slutta å kalla sidemålet sidemål? Kva bør ein i staden kalla det?
Faktaboks
25. april 1907 vedtok Odelstinget at alle elevar måtte skriva stil på begge målformer.
Frå 1935 blei det obligatorisk med stil i begge målformer i realskulen.