Vil ha slutt på skulegudstenester

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barneombodet: - Nei til bordbøn

Det er i ein høyringsuttale til utgreiinga om det livssynsopne samfunn, det såkalla Stålsett-utvalet, at barneombod Anne Lindboe meiner at slike religiøse aktivitetar bør ut av skulen, skriv Vårt Land.

– Skulegudstenester er eit problem for dei som ikkje har ei tru eller er religiøs på ein annan måte, seier Lindboe. Ho meiner at den type forkynning som skjer i ei gudsteneste, ikkje bør gå føre seg i skuletida.

– Foreldre har fullt høve til ta barna sine til kyrkja kvar helg og heile året. Det er ikkje nødvendig at det skjer i skuletida, meiner ho.

Biskop Laila Riksaasen Dahl i Tunsberg er ikkje einig. Ho meiner at barn vil bli religiøse analfabetar viss dei ikkje opplever gudstenester og andre religiøse møte.

Ho får støtte frå uventa hald. Tidlegare generalsekretær i Islamsk Råd Norge, Shoaib Sultan, ser heller ikkje poenget, og seier det ikkje er noko problem å delta i ei gudsteneste så lenge han slepp å vera aktiv deltakar.

– Men det er betre med ei påmelding til gudsteneste enn at ein må melda avbod. På den måten blir det enklare for dei som ikkje vil delta å få sleppa, seier han. (©NPK)

Kva synest du? Er det på tide at skulen blir heilt fri for skulegudstenester, konfirmasjonsundervisning og bordbøn?