Leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, fekk seg ein god latter av påstandane om at nynorsk fører til meir kriminalitet. Saka har gått som ein farsott i sosiale medier.

mm

På eitt døgn har Østlendingen si sak om at Hege Jensen, andrekandidat i Hedmark Frp, som meiner at nynorsk kan leie til kriminalitet, vorte delt over 24.000 gongar på Facebook.

LES OGSÅ: Jublar for eigen karakter i sidemål

– Det eine fører til det andre
– Det kan føre til frustrasjon, dropout og kriminalitet, sa Jensen om nynorsk, til Hamar Arbeiderblad.

Politikaren var særleg uroa for at nynorsk kan leie til integreringsproblem, som igjen kan føre til kriminalitet.

– Eg har snakka med fleire ungdommar med innvandrarbakgrunn om dette. At dei i skulen både må læra seg bokmål og nynorsk skaper frustrasjon. Frustrasjon kan føra til at dei vert leie og droppar ut av skulen. Det eine fører til det andre. Ungdommane har ikkje sagt at nynorsk fører til kriminalitet, men det er tankar eg personleg gjer meg, uttalte Jensen til Østlendingen.

LES OGSÅ: Meir kriminalitet i bokmålskommunar

Kommentarskred
I tillegg til 24.000 delingar på Facebook, har saka i skrivande stund vorte tvitra om  201 gonger og har utløyst eit skred av kommentarar i kommentarfeltet. I skrivande stund har 258 menneske kommentert under saka.

– Det er sjeldan me har kommentarfeltet på vår side, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

«Gjelder same konklusjonen for oss som har bokmål som sidemål?» spør ein person i kommentarfeltet.

«Dette er nok et meget viktig poeng. Mye av kriminaliteten vil nok reduseres betraktelig kort tid etter FrP kommer i regjering, og nynorsk undervisningen forsvinner fra skolene :-)» skriv ein annan.

Men det er òg folk som er delvis einige i utspelet:

«Det bør kriminaliseres å påtvinge folk et miniatyr språk de ikke ønsker, skjønner heller ikke så mye nynorsk.»

LES OGSÅ: Gode erfaringar med nynorsk for innvandrarar

– Nokon sit med hovudet i hendene
Leiaren i Målungdommen har sjølv delt saka på sosiale medium og fått seg ein god latter, men slit med kva han skal seie til utspelet.

– Det er sjeldan eg vert målbunden, men at nynorsk leier til meir kriminalitet er ein relativt spesiell ting å påstå, og slik eg har forstått det er det ikkje akkurat tung empiri som ligg bak dette, seier Sture lattermildt.

– Eg ser for meg at nokon i Hedmark Frp sit med hovudet i hendene i dag, for dette var ikkje heilt heldig, kommenterer leiaren i Målungdommen, som meiner at utspelet neppe hjelper Jensen til ein stortingsplass.

Norsk Målungdom tek seg slett ikkje nær av utspela frå Framstegspartipolitikaren, dei nyttar det heller til marknadsføring.


Skjermdump av Norsk Målungdom sin vervekampanje.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

LES OGSÅ

ANNONSE