Jentekull til Nynorsk avissenter

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ideelt sett burde me kanskje hatt ei god kjønnsblanding i gruppa, men sidan redaksjonen i Firda er kraftig mannsdominert kan fire damer med ulik bakgrunn bli eit spennande supplement i avishuset, seier dagleg leiar i Nynorsk avissenter, Arve Sandal.

LES OGSÅ: Startar nynorsk avissenter i Førde

Kvinnene utmerka seg
Av dei 21 søkjarane til det nyoppstarta Nynorsk avissenter i Førde var kvinnene i fleirtal og merka seg ut med høg utdanning og brei bakgrunn.

– Slik har det vorte, at det er damene som satsar mest, kommenterer Arve Sandal.

Det er lokalavisa Firda som er opplæringsstad for dei fire nye avispraktikantane: Marit Brennset (26) frå Leikanger, Thea Idsøe (22) frå Stord, Ina Eirin Eliassen (29) frå Ål og Kristine M. Stensland (25) frå Jæren. Seinare skal dei ut i praksis i praksis i Firda, Sunnhordland, Hallingdølen og Jærbladet.

Arve Sandal tykkjer det er flott at praktikantane vil ta med sin nye kompetanse heim til sine eigne lokalaviser.

LES OGSÅ: Avslører nynorskpraktikantsøkjarar på Facebook

Saka fortset under biletet.


Øvst frå venstre Marit Brennset, Ina Eirin Eliassen, Kristine M. Stensland og Thea Idsøe. Foto: Nynorsk avissenter

19. nynorskkullet
NRK Nynorsk mediesenter i Førde har allereie vore springbrett inn i journalistikken for 18. kull med nynorskjournalistar.

19. august opnar dei dørene inn til journalistikkens verd for fem nye praktikantar, der tre av fem er jenter. Nytt av året er at dei får fire nye kollegaar på Nynorsk avissenter.

Leiar i NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, fortel at dei to mediesentra vil samarbeide om nokre tema, som til dømes nynorsk mediespråk.

I fire månader skal praktikantane skulerast i journalistiske arbeidsmetodar og tekniske verkty, før dei skal ha ildprøva i ein to månader lang praksis i rikskringkastinga – eller ei valfri nynorskavis for avispraktikantane.

LES OGSÅ: – Det er på tide at me tek pennen fatt

Vil tilsette fleire
Ei spørjegransking til 63 aviser som brukar nynorsk, synte at det er stor trong for nye journalistar med høg kompetanse på digitale verkty. I granskinga, som vart gjort i forkant av satsinga på avissenteret fann ein at var tredje redaktør seier at dei skal tilsette ny journalist innan eit år. Vel 60 prosent seier at det er stor trong for etterutdanning, særleg i bruk av digitale verkty og publiseringsmåtar, og heile 80 prosent meiner den journalistiske kvaliteten er avgjerande for framtida til avisa.

LES OGSÅ: Krev nynorsk på flyplassar

– Treng kvalitetsjournalistikk
Dagleg leiar Arve Sandal journalistisk erfaring frå Sunnmørsposten og NRK Sogn og Fjordane, i tillegg har han arbeidd som kommunikasjonsdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane og var ein av initiativtakarane bak NRK Nynorsk mediesenter.

Til det oppstarten av Nynorsk avissenter har avisa Firda har fått midlar både frå det statlege Vinjefondet, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Amedia.

– Dei nynorske lokalavisene er svært viktige for å ta vare på eit levande nynorsk språk, meiner Sandal, og legg til at det er desse avisene som produserer desidert mest tekst på nynorsk.

Han er fult klar over at Nynorsk avissenter startar opp i ei brytningstid der i alle fall papiravisa si framtid er usikker, og det er uvisst korleis løysinga mellom digitale plattformer og papiraviser vert.

– Uansett treng ein kvalitetsjournalistikk for å ta vare på eit lokaldemokratiet og ytringsfridomen.