Startar nynorsk avissenter i Førde

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nynorskavisene er ein berebjelke for det nynorske skriftspråket. Å styrke rekruttering og kompetanse i desse avisene, blir viktig for livskrafta i åra framover. Der vil vi, som den største nynorskavisa i landet, gjerne gjere ein jobb, seier redaktør Yngve Årdal i Firda.

 

Mens det blir stadig færre nynorskbrukarar andre stadar i landet, har framleis 97 prosent av grunnskuleelevane i Sogn og Fjordane nynorsk som opplæringsmål. Denne posisjonen er utgangspunktet for at Firda opprettar eit nasjonalt avissenter i Førde.

Arve Sandal første leiar
Avisa har fått midlar både frå det statlege Vinjefondet, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Amedia til igangsetting av senteret. Arve Sandal er tilsett som prosjektleiar og skal bygge opp det nye avissenteret i Førde. Sandal har lang fartstid som journalist i Sunnmørsposten og redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane. Dei siste åra har han vore kommunikasjonssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Arve Sandal var initiativtakar og med i prosjektgruppa som etablerte NRK Nynorsk mediesenter for 10 år sidan.

Suksess i NRK
– Vi har sett at NRK har lukkast særs godt med det nynorske opplæringssenteret i Førde. Magni Øvrebotten og lærarane på senteret har snart ala opp 100 nynorskbrukande journalistar som har blitt framifrå ambassadørar for nynorsken. I det nasjonale språkåret, 200 år etter at Ivar Aasen vart fødd, set vi i gang ein liknande innsats i avisbransjen, seier Arve Sandal.

Praktikantar til hausten
Nynorsk avissenter skal ale opp nynorskbrukande journalistar gjennom ei praktikantordning i redaksjonen i Firda. Gjennom teoretisk og praktisk innføring skal vordande journalistar lære seg godt handtverk og godt språk. I tillegg blir digitale arbeidsmetodar og produksjon av digitale avisprodukt ein viktig del av timeplanen for praktikantane som også kan ha praksis i andre aviser enn Firda. Første kull med praktikantar kjem til Firda i august, samtidig med praktikantane på NRK Nynorsk mediesenter.

– Vi er særs glade for at NRK vil samarbeide med det nye tiltaket i Firda. Samarbeid om opptak, lærekrefter og språkseminar vil styrke oss begge og gjere Førde til ei drivkraft for nynorsk i media, seier den første leiaren for Nynorsk avissenter, Arve Sandal.