– Ein god debatt er ein styrt debatt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Uansett vert den som høyrer debatten betre skikka til å forme si eiga meining, seier retorikar og lektor ved Markedshøyskolen, Kjell Terje Ringdal.

Ei undersøking Framtida har gjort blant rektorar ved landets vidaregåande skular, syner at mange ikkje ynskjer skuledebattar fordi dei er for useriøse. Fleire fylke seier også nei til skuledebattar. Ungdomspartia er delt. Skuledebattane skaper debatt. Framtida har derfor tala med ein retorikar, ein tidligare Studersamfunnet-leiar og to ungdomspartileiarar, om spørsmålet: kva er den gode skuledebatten?

LES OGSÅ: – Undergraving av demokratiet

Mykje krig
– I den gode debatten møter partane kvarandre med argumentasjon. Dei løftar seg frå eit nivå til eit anna. I beste fall gjev ein debattant opp eigen posisjon og skiftar meining, men det skjer sjeldan, meiner retorikar Kjell Terje Ringdal.

Han peikar på språk, argument og form, som nøklar for å kome dit. Språket er viktig, og debattantane må gjere seg forstått. Argumenta kan spele på fakta, etikk eller kjensler, og må gjerne vera varierte. Samstundes må det vera belegg for dei. Forma bør vera hyggeleg, danna og respektfull. Men Ringdal opplever sjeldan norske debattar som dette. Tidligare i år gjekk han til åtak på språkbruken i norsk politikk i ein kronikk i Aftenposten, og peika på det som medverkande årsak til at ungdom ikkje nyttar stemmeretten.

– Norske politikarar nyttar eit vanskeleg språk og det verkar meir som krig enn meiningsutveksling.

LES OGSÅ: – Skuledebatten er ein viktig arena for å skapa engasjement

Himmelen over politikken
Ringdal meiner det er gode argument for å ha med alle partia på skuledebattar, sjølv om det kan gje auka forvirring. Han kunne tenkje seg ei blokkdeling mellom partia, med ein raud og ein blå fløy, mellom anna for å få fram dei ideologiske skilnadane. Fråveret av ideologiske skilnadar ser han på som ein av manglane i dei norske ordskifta.

– Kva driv oss? Kva får oss til å stå opp om morgonen? Det må norske politikarar tale om.

– Eg trur mange ungdommar fell av i diskusjonane om vegar, helse og formuesskatt. Dei tenkjer at det vedgår ikkje meg.

Kva bør då diskuterast på skuledebattane?
– Individets rett, fridom og kollektivitet. Det trur eg er lettare å forstå for mange ungdommar. Miljø og klima, menneskerettar, rettferd og fordeling, trur eg også kan vera gode tema. Ein må få ein overblikk, sjå himmelen over politikken.

Korleis får ein seriøs debatt utan at det vert keisamt?
– Det treng ein ikkje vera redd for. Sjølv unge menneske treng ein viss grad av kompleksitet. Politikk er alvor, det må kome fram i språk og form.

LES OGSÅ: Partiprogramma er tungt lesestoff

Pressa prioritering
Eirik Løkke, tidligare leiar av Studentersamfunnet i Bergen og rådgjevar i Civita, karakteriserer spørsmålet om kva som er den gode debatten som vanskeleg.

– Ein god debatt bør vera sakeleg og faktaorientert, men samstundes ha polemikk (red.mrk. ordstrid). Det er ein hårfin balanse, men gode debattar kan vera polemiske nær det usaklege. I Noreg er gjerne debattane saklege til det fulle.

Bør ein invitere alle partia til skuledebatten?
– I ein skuledebatt er det nok andre omsyn enn i den ultimate debatten. Jamt over er det ein fordel med færre debattantar. Vert det fleire enn fire, er det vanskelegare å sortere argumenta og nå fram med bodskapen, svarar Løkke.

Han er også positiv til spørsmål frå forsamlinga, sjølv om då risikoen vert ein del av opplegget.

– Ein kan risikere berre dårlege spørsmål, men det er jo sjølve akilleshelen ved sjølve demokratiet. Her spelar rolla til ordstyraren inn, som må gripe inn når det er naudsynt. For ein god debatt er ein styrt debatt.

Også Løkke har tankar om kva som bør takast opp på skuledebattane, og dreg fram skule- og utdanningspolitikk. Men det han verkeleg ynskjer seg er prioritering.

– Politikarane bør tvingast til å prioritere noko ned. Kva er viktige ting, som ein jamvel ikkje vil prioritere?

LES OGSÅ: – Kvifor meiner du det du meiner?

Ekstremt dynamisk
FpU-leiar Himanshu Gulati meiner den gode skuledebatten handlar om å få fram forskjellane, samstundes som den kan vera litt morosam.

– Når dei som ser på føler seg mest samd med eit parti, og vi klarar å gjere politikken til noko gøy, då er det ein god skuledebatt.

Som ungdomspartileiar har Gulati vore med på mange skuledebattar. Noko han har stort sett positive opplevingar med.

– Ingenting er meir deilig enn 500 personar som trampeklappar for deg. Samstundes får du vite det om du drit deg ut. Skuledebattar er ekstremt dynamiske, ein får responsen der og då. Sjølvsagt har eg opplevd usaklegheiter, men vi ungdomspolikarane har sterk sjølvjustis oss i mellom.

LES OGSÅ: FpU startar opp i Spania

Politikarforakt
Nett bruken av humor er viktig for Gulati. Han meiner det er noko som skil skuledebattane frå dei tradisjonelle TV-debattane.

– Eg trur mange ungdommar kjenner på politikarforakt. Dei kjenner seg ikkje at i deltakarane på TV-debattane. På skuledebattane får vi fram politikk ungdom kjenner seg att i.

Kva vil du diskutere under årets skuledebattar?
– Skulepolitikk, og at dette handlar om eit retningsval til dømes i forhold til ansvar og fridom for den einskilde, avsluttar FpU-leiaren.

LES OGSÅ: Vil opna KrF for ikkje-kristne

Fleire dårlege vitsar
KrFU har markert seg som motstandarar av ordninga med skuledebattar. Og leiar Elisabeth Løland har blanda erfaringar frå eiga deltaking.

– Eg har opplevd at spørsmål frå elevane ikkje har vorte take alvorleg. Nokre gonger har det også vore dårlege vitsar, heller enn gode argument. Men mange har vore bra, særleg er dei flinke i Hedmark.

For Løland er den gode skuledebatten ei positiv oppleving for alle. Der det skal vera mogeleg for elevane å setje seg inn i kva partia eigentleg meiner. Også ho er klar for skuledebattar denne hausten, og veit kva ho ynskjer å debattere:

– Vi vil diskutere kva valet får å seie for verdas fattige, særleg dei fattige borna. Det vert sjeldan tema, men vi prøver alltid å få det med i debatten, avsluttar KrFU-leiaren.