– Undergraving av demokratiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Undergrev demokratiet

Den vanlegaste årsaka til at vidaregåande skular vel vekk skuledebattar er at rektor meiner dei er useriøse, viser ei spørjeundersøking Framtida.no har gjort.

LES OGSÅ: Til veggs om skulen

Useriøse og plassmangel
123 av rektorane ved landets 427 vidaregåande skular har svara på kvifor dei ikkje arrangerer skuledebattar. Over 40 prosent av desse rektorane meiner skuledebattar er useriøse. I underkant av 40 prosent nemner praktiske årsaker, då helst plassmangel, som grunnen til at dei vel bort skuledebattane. Ni prosent svarer at fylkeskommunen har vedteke at det ikkje skal arrangerast debatt.

LES OGSÅ: – Skuledebatten er ein viktig arena for å skapa engasjement

Fpu kritisk
Leiar i Fpu, HimanshuGulati, åtvarar mot å droppe skuledebattane fordi dei er for useriøse.

– Eg trur det er veldig farleg å droppe skuledebattane. Ungdom treng å sjå meiningar brytast. Ei ordning med valtorg og stands gjev berre ein versjon av politikken til partia.

Han meiner det heller bør vera spelereglar som sørgjer for at debatten ikkje vert useriøs.

I valkampen før stortingsvalet i 2009 var det skuledebattar ved nesten alle dei vidaregåande skulane i Noreg. Kommunevalet i 2011 vart spesielt på grunn av terrorhandlingane på Utøya, i etterkant av dette tona ungdomspartia ned valkampen og med det avlyse alle skuledebattar, til fordel for valtorg.

– Etter 22. juli vart det tala meir om openheit og demokrati. Å droppe skuledebattane vil vera ei undergraving av demokratiet, som eg vil åtvare sterkt mot. Vi treng heller endå fleire debattar, seier Gulati.

FpU-leiaren får støtte av leiaren i Sosialistisk Ungdom (SU), Andreas Christiansen Halse.

Av i alt 427 vidaregåande skular i Noreg skal Unge Høgre vitje 371. Her skal dei delta på 243 skuledebattar og 299 valtorg, fleire av skulane vel ein kombinasjon av dei to, ifølgje avisa Vårt Land.

I alt 415 vidaregåande skular er påmelde til skulevalet, likevel droppar rundt to av fem skular debatten.

LES OGSÅ: AUF vuderer å droppe skuledebattar

– Må få øva seg
I år er det altså om lag 184 skular som har vald å droppe skuledebattane, mellom anna fordi rektorane meiner dei er useriøse:

– Skuledebatten har liten informasjonsverdi. Debattane er blitt veldig tabloidiserte med nynorskbøker som slengast veggimellom og politikarar som kjem med billige alkoholfrieri, seier Bjørn Solberg, rektor ved Mysen vidaregåande skule til avisa Vårt Land.

– Det er graverande viss rektorane kallar ungdomspolitikarar useriøse, seier Janicke Heldal Stray. Ho er førsteamanuensis i samfunnsfag ved Menighetsfakultetet og har tidlegare skrive doktorgrad om demokratiopplæringa i skulen.

– Elevane må få lov til å øva seg på dette. Det er ikkje me som er vaksne som skal dømma det useriøst.

Heldal Stray meiner det er betre at ein snakkar med elevane om korleis ein debatt bør vera, korleis ein arrangerer ein debatt og kva argument ein kan bruka i debatten.

– Ein skuledebatt er eit kjempebra utgangspunkt til å jobba vidare med. Skulane burde leggja til rette for mange fleire skuledebattar. Det blir defensivt av rektorane å seia nei, seier ho.

LES OGSÅ: Ungdomspartia er rekordstore

Underhaldning før politikk
KrFU-leiar Elisabeth Løland seier seg einig med rektorane:

– Eg tenkjer rektorane truleg har rett, når dei meiner debattane er for useriøse. Ofte vert det heile underhaldning, ikkje politikk, seier Elisabeth Løland til Framtida.no

Ho meiner valtorg generelt vil vera ei betre løysing, då elevane kan ta seg god tid og har høve til å stille spørsmåla dei vil.

– Sjølv om me meiner valtorg er ei god løysing, er det likevel mange skuledebattar som fungerer og me plar stilla, avsluttar ho.