– Skuledebatten er ein viktig arena for å skapa engasjement

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Viktig for engasjementet

 

– Me har ikkje kapasitet til å arrangera valtorg på alle skulene i Hordaland. Difor treng me skuledebattar. Det vil berre vera dei største partia som tener på at me går over til valtorg, seier kvinnhering og fylkesleiar i FpU i Hordaland, Eskil Moen, til NRK Hordaland.

Eskil Moen står på sjuande plass på Hordaland Frp si liste, og er dermed sjølv kandidat til årets stortingsval. Han representerer også partiet i kommunestyret i Kvinnherad.

Etter 22. juli-terroren valde ungdomspolitikarane å gå vekk frå dei tradisjonelle skuledebattane før valet i 2011, og skipa heller til såkalla valtorg.

No tar sterke røyster i ungdomspolitikken til orde for å la skuledebatten ligga daud, ein gong for alle. Ei av dei som går hardast ut, er KrFU-leiar Elisabeth Løland som hevdar den tradisjonelle skuledebatten kan kverka det politiske engasjement til ungdomen.

– Det kjem både flåsete og stygge utspel, mykje som ikkje hadde kome om det var eit større publikum. Ein veljer ofte å gå veldig langt i skuledebattane, seier Løland til statskanalen.

LES OGSÅ: Framtidas skulevalkamp

Nestleiaren i Stord AUF, Karen Mjør, har eit heilt anna syn på saka. Ho meiner det er viktig å få liv i skuledebatten igjen.

– Det er fleire grunnar til dette. Eg trur blant anna at dette er ein viktig arena for å skapa engasjement rundt politikken, seier Mjør.

Ho meiner også at det er viktig for dei politiske partia å få presentert seg.

– Då blir det lettare for ungdom å finna det partiet dei kan identifisera seg mest med, seier Mjør.

Nestleiaren i Unge Venstre, Runar B. Mæland frå Stord, likar ordninga med valtorg, men vil ha i både pose og sekk.

– Ordskifte og meiningsbryting er nerva i politikken. I debattane stiller alle partia likt, medan på valtorg har gjerne dei med flest folk og mest pengar også størst gjennomslag, seier Mæland.

Saka held fram under bildet.


Peder Sjo Slettebø (H) vil gje ungdomen både brød og cirkus. Det inkluderer skuledebatt før stortingsvalet. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen


Den lokale Høgre-profilen Peder Sjo Slettebø har lang røynsle med skuledebattar, som ungdomspolitikar frå tida i Haugesund og i sentralstyret til Unge Høgre. No sit han i kommunestyret i Kvinnherad og i Hordaland fylkesting.

– Eg er for skuledebattar. Det skapar engasjement, og me får lettare fram skilnaden mellom partia, seier Sjo Slettebø.

Les saka i Sunnhordland!

Kva meiner du om skuledebattar og valtorg? Bør ein ha begge deler? Korleis bør ein god skuledebatt vera? Del tankane dine med oss i kommentarfeltet under!