Ivar Aasen la planen for eit norsk skriftspråk allereie då han var 22 år. – Kva 22-åring set seg like store mål i dag? spør Ottar Grepstad, aktuell med ny biografi. 

I biografien som vert lansert i høve 200-årsjubileet for Ivar Aasen, teiknar Grepstad opp bilete av ein slu strateg som tidleg fekk planen om å finne det norske målet og skriftfeste det.  

Men sjølv om han var ein ivrig vitskaps- og arbeidsmann vil Grepstad til livs bilete av Ivar Aasen som ein einstøing og raring. I boka fortel han om korleis Aasen både gjekk dagleg på kafe, fekk med seg over 600 teaterframsyningar, og var ein ivrig kortspelar.

 – Det er jo det som er det utrulege, seier Grepstad. 

– At han ikkje berre fekk tid til alt arbeidet, men at han hadde fritid òg!  

LES OGSÅ: Flagg for Ivar Aasen!

Mannen og myten
Fritida interesserer Grepstad. For han er ikkje først og fremst interessert i vitskapsmannen Aasen, men mannen.  

– Mykje er skrive om vitskapsmannen Ivar Aasen, men mindre er skrive om mannen. Det er ei rekkje mytar om han, som at han var ein einsam raring som vandra åleine i gatene i Oslo, og dei ville eg utfordre, seier han.  

Grepstad meiner det er viktig kva bilete folk har av Ivar Aasen, fordi det pregar korleis folk ser på nynorsken.  

– Har du eit vrengebilete av Ivar Aasen, er det lett for at du får eit skeivt bilete av nynorsken. Fordi dei er så knytt i hop, antan ein likar det eller ei, forklarar han.  

– Ser du på Ivar Aasen som ein stakkarsleg, krokrygga gamal mann frå bygda, som har rota seg bort i hovudstaden, så blir også nynorsken eit tusseladdspråk, seier han og forklarar kvifor han vel å opne biografien med ei skildring av ein morgon i Kristiania.  

– Eg ville henta han rett inn i det moderne Noreg, og derfor opnar boka i Kristiania i 1852. Det var eit veldig medvite val å plassere han i det fremste symbolet for det moderne Noreg, nemleg byen. Der var han jo 49 år av livet sitt.  

– Byen var livet hans, men bygda var dét som forma tanken hans.  

LES ÒG: Lagar eiga temautstilling om Ivar Aasen  

Store tankar i ungt sinn 
Før han kom til byen voks han opp på bygda. I boka fortel Grepstad historia om ein gut som veks opp i ein fattig heim og døyr som millionær. I mellomtida har han funne eit nytt norsk skriftspråk og vore ein kalkulerande strateg av dei heilt store.   

Planen får han i 1837, berre 22 år gamal, då han bestemmer seg for at han skulle lage eit skriftspråk av det norske talespråket.  

– Då han var 22 år arbeidde han som lærar på garden Solnør på Sunnmøre, og sat i ein fasjonabel herregard og las Wergeland sitt innlegg i Morgenbladet om fornorsking av språket. Då skreiv han sitt eige svar, for seg sjølv, og formulerer for første gong planen om å finne det norske skriftspråket.



I boka skildrar Grepstad skriftet, kalla «Om vort Skriftsprog», som Aasen sin meisterplan. 



– No var det fleire unge menn som tenkte store tankar på den tida, så han er ikkje åleine om det. Men ikkje berre tenkjer han stort, han gjennomfører det òg, seier Grepstad.




Kunne blitt naturvitskapsmann
At Aasen enda opp som språkforskar er likevel litt, om ikkje heilt, tilfeldig. For først og fremst er han oppteken av å finne seg ein livsveg.  

– Han skal ikkje bli lærar eller bonde, det er han sikker på. Han er mentalt lojal mot bondesamfunnet all sin dag, men han vil ikkje vere der, eller, han vil iallfall ikkje ha den typen arbeid som finst der, fortel han.

– Så set han i gang, er strategisk, og oppsøkjer dei stadane og folka som kan hjelpe han vidare. Først og fremst er han ute etter å skaffe seg ein livsveg. Det er nesten karriereplanlegging. Derfor reiser han med plantesamlinga si til Bergen og vonar han skal bli naturvitskapsmann, men så er det grammatikken hans som vekkar interessa.  

LES ÒG: Slik skal dei selje Ivar Aasen


Får hjelp av Neumann
Når Grepstad skal forklare korleis Aasen kunne klare det enorme arbeidet å samle dialektane og lage nynorsken, legg han vekt på at han var ein stor strateg.  

– Han er veldig målretta og bereknande. Han gjer ingenting som ikkje gagnar saka hans og er veldig taktisk. Slu altså, seier han.

I Bergen får Aasen hjelp av Biskop Neumann, som hjelper til med å skaffe han pengar for å starte arbeidet med å samle inn dialektane.  

Når han først har fått pengar, som kjøper fri tid til å arbeide med landsmålet, skal han gjere det skikkeleg.  

– Han lagar lister på alt han skal gjere, over alt han skal skrive og få gjeve ut, og det ikkje småtteri, altså, ler Grepstad.  

Store mål, men dårleg sjølvbilete
Men attende til mannen Aasen. For kva for person set i gang eit sånt enormt prosjekt? Grepstad meiner Aasen er ein mann full av motsetnadar.


– Han hadde sine sider, denne mannen!  

Ja kva sider då?  
– Han er jo så motsetningsfull. Han har jo sine lyter. Han er sky og sjenert. Påfallande sjølvmedviten, han synest jo ikkje at han er vakker. Han har eit veldig dårleg sjølvbilete.  

– Han vil ikkje bli fotografert, og eg trur ikkje han liker å sjå seg i spegelen. Han gjer det nok, men han likar det ikkje, seier Grepstad.  

– Det er trasig, for det er få folk som møter så mange menneske som han på 1800-talet. Han skal jo møte alle! 

– Samstundes er han òg veldig medviten om kva han vil gjere. Er det noko ein ungdom kan lære av Ivar Aasen, så er det å ta sjansen på å tenkje stort. Det kan føre med seg mykje du ikkje anar, men Aasen var ung og tenkte stort. Han tenkte ein av dei største tankane på 1800-talet. Kven er 22 år i dag og tenkjer ein så stor tanke? spør han retorisk.  

– Nokon gjer det, men kven?  

LES ÒG: Brenn for nynorsken  

Ein sosial kar
Òg i byen var Aasen ein kar som treffer mykje folk. Det dokumenterer han òg i dagbøkene.  

– I dagbøkene noterer han ned avtalane sine, og det vert tydeleg at han trefte mykje folk, seier Grepstad.  

– Mykje av dei daglege avtalane vart ikkje notert ned, så vi kan rekne med at han trefte endå fleire folk enn det vi får inntrykk av gjennom dagbøkene, meiner han.  

I dagbøkene kjem det fram fleire overraskande ting – mellom anna at Ivar var ein ivrig kafegjengar.  

– Han var eit rutinemenneske, og hadde ei arbeidsøkt om morgonen, før han gjekk ut og drakk kaffi og las aviser klokka tolv. Så gjekk han heim, åt middag klokka to, og klokka seks tok han ein ny runde på kafeane, fortel Grepstad.



Søkte det muntre
Bilete av Ivar Aasen som ein einsam, trist bonde i storbyen slår altså sprekker.  

– Han var ein mann som søkte det muntre, heile tida, seier Grepstad.



– Visst hadde han tungsinn, og visst var han sliten iblant, men grunnleggande søkte han det muntre. Ein kan ikkje gjere det arbeidet han gjorde med hengande hovud.



Søken etter det muntre tok han mellom anna til ei mengde teaterframsyningar.

– Aasen gjekk på over 600 teaterframsyningar, og over 200 konsertar. Men han klarte aldri å bestemme seg for om han skulle skrive «konsert» med «c» eller «k», så heilt perfekt var han ikkje han heller!

Hadde Aasen levd i dag hadde han vore musikalfan, meiner Grepstad.

– Han hadde hatt fast plass på Det Norske Teatret, på rad femten, og sett alle musikalane! ler han.    

LES ÒG: Nynorsk med eigen botnklang

Alltid ting ugjort
Ivar Aasen døydde 83 år gamal i 1896, og rakk å få med seg både jamstillingsvedtaket i 1885 og målparagrafen i 1892. Aasen rakk altså å sjå språket sitt bli jamstilt med riksmålet, og sjå korleis skulekrinsane sjølv kunne velje å skrive nynorsk.  

Det er ein ting eg alltid har lurt på, Ottar. Vart Aasen nøgd med det han hadde oppnådd? Følte han at han hadde klart det? 

– Nei! Han seier det kjapt, hardt og ler høgt. Men så ser han meir alvorleg ut.  

– Då han var 83 år meinte han sjølv at han ikkje gjort nok av verdi. Han var ein perfeksjonist, ein som alltid ville gjort ting grundigare og betre, seier Grepstad.



– Men han ser jo at landsmålet vert teke i bruk, så han må jo ha visst på eit plan kva han har fått til.  

Var det ting han ville ha gjort, men ikkje fekk tid til?  
– På slutten av livet skulle han ønske han hadde skrive meir for barn og ungdom. Og for folk flest, då, seier Grepstad.


Ville vore eit twittergeni
Kva trur du han hadde tenkt om språkstoda i dag? 
– Han ville nok gledd seg over at folk i dag kan snakke som dei vil, seier Grepstad.   

– Men eg trur nok han helst hadde ville at folk skulle skrive normert.  

Grepstad tenkjer seg om.  

– Også ville han jo vore eit funn for Twitter! Alle ordtaka hans er jo under 140 teikn, humrar han, før han verte stille.  

– Men han ville kanskje ikkje teke seg tid til det, seier han.  

Grepstad er for øvrig heller ikkje på twitter sjølv. Det er noko med desse arbeidsame typane.  

LES ÒG: Teater- og språkfeiring for alle 


200 årsjubileet
Boka om Aasen kjem i høve at det 5. august er 200 år sidan Ivar vart fødd. Det skal feirast, mellom anna med stor feiring i Aasentunet.  

Men kva ville Ivar sjølv ha ønskt seg til 200-årsjubileet?  
Grepstad tenkjer.  

– Ein kortstokk, kanskje. Den gamle er veldig utsliten.

Han vert stille. Ser lurt bort på meg.  

– Og iallfall ikkje ein biografi, humrar han.  

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

Kommentarar

ANNONSE