Eiga temautstilling om Ivar Aasen

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Naar man tager Hensyn til alle Omstændigheder vedkommende Ivar Aasen, saa vil man vist finde, at han var en af vort Lands merkeligste Mænd, saa merkelig, at faa Lande, maaske intet andet land enn Norge, har havt en saadan Mand.», skreiv venen og teologen Johannes Belsheim om Ivar Aasen i 1901.

Sidan språkplanleggjaren, diktaren og mennesket Ivar Andreas Aasen døydde 23. september 1896, har det blitt skrive og sikkert sagt endå meir om denne mannen. Han var flogvitet som kom frå tronge kår, gjorde ei klassereise mot alle odds, og brukte livet sitt for at fedrelandet skulle få eit språk, står det ofte skrive.

LES OGSÅ: Lån ein Vangsgjelding!

Men kva meir ligg der bak denne fasaden? Korleis var Aasen som person? Og korleis endra nynorsken Noreg, djupast sett?

I Noreg i dag kan vi bruke dialekta vår i mest alle samanhengar. Det er svært få land der ein kan stå på Stortinget og snake si eiga dialekt utan at ein tenkjer noko vidare over det. Har vi gløymt at det var Ivar Aasen som omkalfatra heile dette rådande paradigmet i Noreg om korleis ein skulle tenkje om språk?

LES OGSÅ: Slik skal dei selja Ivar Aasen

Den nye temautstillinga frå Ivar Aasen-tunet i Ørsta nærmar seg desse spørsmåla. Der vert ordet gitt til andre personar; det slåande sitatet er gjennomgangstonen.

Les saka i Vikebladet!