Nynorsk med eigen botnklang

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Fossen som element er både vakker, mektig og farleg, på same tid. Vi representerer naturen, som er rundt oss og i oss, seier Heidi Ruud Ellingsen om Fossegrimen på Det Norske Teatret. Der står ho på scenen som rikmannsdottera Aud denne våren, saman med fossefolk og meisterspelemenn.

Det handlar om villskap og mørke, om dragninga mellom å vera i bygda og å reise ut i verda, og om den umoglege kjærleiken. I framsyninga som er del av teaterets jubileumssatsing, og som har vorte karakterisert som har trolsk, fabulerande og praktfullt av meldarane.

Der startar dansen…
– Å jobbe med musikkteater gjer alt litt djupare. Det vert meir enn berre ord. Ein seier at musikken startar der orda sluttar, når heller ikkje den strekk til, då startar kanskje dansen, seier Heidi, som sjølv har bakgrunn som dansar. Ho skildrar det som ein prosess der språket i rørslene kjem inn i scenespråket.

Bruk av musikk, dans og element frå folkekulturen i framsyningane, er noko regissør Leif Stinnerbom er mest kjent for. Og for Heidi har det å jobbe med folkemusikk og folkedans vorte noko ho elskar.

– Det var som ei ny verd opna seg, då eg fyrst byrja jobbe med det.

Over kneika
I prosessen fram mot premieren kan kunsten vera oppslukande, ein blodig hard jobb og vondt i heile kroppen. Og så kjem ein over kneika.

– Leif har kravd at skodespelarane er dansarar, og at dansarane er skodespelarar. Vi har hatt utfordringar alle saman og måtte strekke oss langt, heilt til rom i oss sjølve vi aldri har vore i før.

Men utfordringane har ikkje berre vore konkrete og fysiske. Heidi peikar på det å skape figurane, som samstundes også er av kjøtt og blod. Ein lang prosess saman med dei andre aktørane.

– Det er krevjande å få til levande menneske i ei abstrakt og stilisert verd, forklarar ho.

(saka held fram under bildet)


Prosess. Heidi Ruud Ellingsen, saman med Espen Løvås, koreograf Hallgrim Hansegård og regissør Leif Stinnerbom før premiera.

Rom for nordlending
Heidi har hatt rolle på Det Norske Teatret sidan 2010, og har vore sjå i oppsetjingar som Den hemmelege hagen og Eg elskar deg, du er heilt perfekt, men burde du ikkje… Så korleis er det for ein nordlending å jobbe på nynorsk?

– Eg får bruke botnklangen i mi eige dialekt, og føler nesten eg talar som bestefar. Så det likar eg veldig godt. Dialektane rundt Narvik, der eg kjem frå, er faktisk ganske tilnærma nynorsk, forklarar Heidi. 

Ho får ofte bruke eigne ord, som vann i staden for vatn, dokker for dykk, og auan for augo. Sjølv om det varierar mellom produksjonane og tekstane, er det ein poetisk tekst brukar ho meir tradisjonelle nynorske ord. 

Å få bruke eigen språklege botnklang, føler ho gjev ein annan nærleik til karakterane

– Språket er ein del av identiteten min, å få bruke det gjev det lettare å kome djupt i personane. Finne kjenslene, held ho fram.

For henne handlar språkprosessen om å feste språket i kroppen. Språkovergang til austnorsk, slik som ho gjorde i NRK-serien Hjem peikar Heidi på som vanskelegare. Samstundes har det andre kvalitetar.

– Å jobbe på ei heilt anna dialekt er frigjerande, med at det gjer rolla fjernare frå ein sjølv. Det vert ikkje så privat og det gjev ein annan tryggleik.

Rikare ord
Heidi framhevar og nynorsk som eit godt språk å synge på. Det handlar om måten språket er forma på, om poesi og klang. 

– Det er så fint, spesielt å synge stev og voggevise.

For Heidi er også nynorsk rikare ord, som hug og kjærleik.

– Venleik det er fint, det er som ein ven leik. Slike ord rører nok ved nokre strenger, held ho fram. Og favorittstrofa frå Fossegrimen? Den kjem heilt mot slutten og er retta mot hovudpersonen Tarjei.

– Nei du er nok Tarjei, fanga av ei hulder. Men den huldra den her du ser du, avsluttar Heidi Ruud Ellingsen. 

Sviv: Dans er viktig for Heidi Ruud Ellingsen. Her med Igor Necemer i framsyninga Fossegrimen. Foto: Erik Aavatsmark, Det Norske Teatret.

Les saka i Magasinett!