Ein ny rapport listar opp ei rad tiltak for å få fleire elevar til å halde på nynorsken i utdanningsløpet. Men Kunnskapsdepartementet har førebels ikkje løyvd pengar til slike tiltak.

Mari Torsdotter Hauge, NPK
Mari Torsdotter Hauge, NPK

I rapporten, skriven av Ressursgruppe for nynorsk hovudmål, går det klart fram at «ein rapport med gratistiltak er svært lite ambisiøs». Likevel har gruppa kome fram til fleire tiltak som kan betre situasjonen for nynorskelevane.

Tiltaka handlar om alt frå marknadsføring av nynorske barne- og ungdomsbøker, juridiske rettar for nynorskelevar, forsking og kunnskap om nynorskbruk, og økonomiske verkemiddel som staten og fylkeskommunane kan ta i bruk.

Elevane prisgitt medvitne lærarar
Vebjørn Sture er leiar i Norsk Målungdom og har vore med i ressursgruppa.

– Eg meiner rettane til nynorskelevane er viktig. I dag har ein etter 7. klasse rett til lærebøker og eksamen på nynorsk, men ein har ikkje ein juridisk rett til å få undervisinga si på nynorsk, seier Sture.

– Nynorskelevane er prisgitt læraren og skulen, og det finst mange forskjellar der ute. Heldigvis finst det mange omsorgsfulle og medvitne lærarar som bidreg til at elevane får ein rimeleg del av undervisninga på hovudmålet sitt, men det gjeld ikkje alle.

LES OGSÅ: Med nynorsk på brystet

Lite ambisiøst
Sture er nøgd med rapporten, men seier at fleire i ressursgruppa har syntest det har vore lite ambisiøst av Kunnskapsdepartementet å ikkje setje av friske midlar til tiltaka som gruppa skulle greie ut.

– Tiltaka vi har diskutert har ikkje kosta pengar, og det finst mange gode gratistiltak. Fylkeskommunane kan enkelt seie at dei ikkje ynskjer å kjøpe inn materiell som ikkje finst på begge målformene, men slike administrative rutinar er fråverande. Dette kan ein gjere noko med utan at det kostar pengar, og det vil betre situasjonen for nynorskelevane, seier Sture.

– Generelt i politikken er det jo slik at den løyvde summen heng saman med kor viktig den løyvande myndigheita synest at saka er. At det her er eit fråvær av friske midlar tyder jo på at Kunnskapsdepartementet ikkje synest saka er viktig nok. Det er ikkje sikkert at dette er bevisst frå deira side, men det er det signalet dei sender ut, seier han.

LES OGSÅ: Vestlandselevar betre i sidemål

Målsetting å styrke nynorsk
I Kunnskapsdepartementet kjenner statssekretær Elisabet Dahle seg ikkje att i at den manglande pengeløyvinga er eit signal om at departementet ikkje prioriterer nynorsksaka.

– Regjeringa og departementet kan absolutt vise til at vi har prioritert nynorsken, ikkje minst med den nye læreplanen som kom før sommaren, og som nynorskrørsla tok svært godt imot. Det er ei viktig målsetting for oss å styrkje nynorsken. Vi har sett ned denne gruppa for å få fleire av dei som har nynorsk som hovudmål til å halde fram med dette vidare, seier Dahle.

LES OGSÅ: Jublar for eigen karakter i sidemål

– Vil vurdere så fort som mogleg
Ho seier at arbeidet i ressursgruppa har vore prioritert frå departementet si side, og ser fram til å følgje det opp vidare.

– Det er jo no det gjeld. Eg ser at gruppa har føreslege både tiltak som kostar pengar og tiltak som ikkje kostar pengar, det er eg glad for. No les og vurderer vi rapporten. Tiltak som ikkje krev ekstra økonomiske løyvingar vil vi vurdere å setje i verk så fort som mogleg. Dei tiltaka som kostar må vi vurdere i budsjettarbeidet, seier ho.

På spørsmål om det er sjanse for at nokre av tiltaka vert sett ut i livet før valet svarer ho:

– Så konkret tør eg ikkje vere. Det vil skje så fort som mogleg, men arbeidet skal jo også kvalitetssikrast, seier Dahle. (©NPK) 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

ANNONSE