Vil gjera oljefondet klimavenleg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil redusere klimarisikoen

Partiet peiker på at oljefondet i dag er tungt inne i fleire selskap som driv med svært klima- og miljøskadelege aktivitetar.

– Kol, tjæresand og skifergass representerer store problem både lokalt og internasjonalt. Det er også ein stor risiko knytt til å investere i desse selskapa. Storebrand trekte seg nyleg ut av 13 kolselskap og seks oljeselskap som er involverte i oljesand. Grunngivinga er at om vi skal nå dei uttalte klimamåla, vil desse ressursane bli verdilause, seier SV-leiar Audun Lysbakken ifølgje NTB.

I talen sin på Sosialistisk Ungdoms sommarleir på Gulsrud i Modum i Buskerud foreslo han at det blir innført ein regel som seier at oljefondet ikkje skal investera i selskap som er verst på klima innanfor bransjen sin og vil ha dette utgreidd. Eit mogleg mål er å sjå bort frå den verste fjerdedelen, kjem det fram i ei pressemelding frå SV.

Kva meiner du? Er det på tide at oljefondet kuttar ut investeringar i klimaskadelege selskap?

Faktaboks

SV vil at oljefondet skal trekkje seg ut av:
• Oljeselskap
• Kolselskap
• Selskap som er tungt inne i skifergass og tjæresand. Tjæresand er særleg CO2-intensivt. Skifergassutvinning fører til stor lokal forureining og helseskader.
• Klimaverstinger innanfor alle bransjar. Til dømes kan det innførast ein regel som seier at oljefondet ikkje skal investere i selskap som er verst på klima innanfor bransjen sin. Spørsmålet må utredast. Eit mogleg mål er å utelukke den verste fjerdedelen.