Noreg brukte dobbelt så lang tid som Kina på å ratifisere FN-konvensjonen om rettane til funksjonshemma. – Ei skam, meiner Døveforbundet.

Faktaboks

FN-konvensjonen

Slår fast at menneskerettane også gjeld funksjonshemma.

Skal medverke til å auke kunnskapen om at funksjonshemma er likeverdige og skal verne mot diskriminering på grunnlag av funksjonsnedsetjing.

LES FAKTALUKK FAKTA

I juli ratifiserte Noreg FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Både Døveforbundet og Uloba meiner Noreg er ei sinke.

Konvensjonen vart laga for seks år sidan. Kina ratifiserte den allereie i 2009 og dei var ikkje åleine. Afghanistan, Bangladesh, Brasil, India, Mali, Russland, Danmark og Sverige er berre nokre av landa som var før Noreg.

LES OGSÅ: Retten til liv

FN-konvensjonen gjev ikkje nye rettar, men gjer det klart at menneskerettane også gjeld for funksjonshemma.

Bufdir har laga ein lettlest versjon av konvensjonen, kalla Du har rett.

– Unødvendig lang tid
Bjørn A. Kristiansen er generalsekretær i Noregs Døveforbund, som i lang tid har kjempa for ratifiseringa. Han er ikkje imponert over den norske innsatsen.

– Det er ei skam at Noreg, som eit av dei rikaste landa i verda, har brukt så lang tid. I internasjonal samanheng er ikkje Noreg blant dei fremste til ta vare på og fremje funksjonshemma sine rettar, i motsetnad til kva vi likar å tru, skriv Kristiansen i ein epost.

Ratifiseringa har ikkje vore mogeleg før Vergemålslova vart tilpassa konvensjonen. Kristiansen meiner lovendringane har teke unødvendig lang tid.

LES OGSÅ: Nye krav til lufthamner

– Politikarane er for dårlege til å prioritere funksjonshemma sine levekår og rettar. Eit døme er kampen for eit universelt utforma samfunn. Det verkar som politikarane fokuserer på dei umiddelbare kostnadane, men undervurderer dei breiare positive resultata, som auka livskvalitet for alle, auka produktivitet i befolkninga generelt og hos funksjonshemma særleg, meiner han.

– Redde for å binde seg
Ann Kristin Krokan er leiar for politikk og informasjon i Uloba, som er eit samverke eigd av 800 funksjonshemma. Ho er samd i at ratifiseringa har teke «forferdeleg lang tid».

Nyleg deltok representantar frå Uloba på ein konferanse i Dublin, der konvensjonen var tema.

– Der vart det klart at Noreg vart sett på som ei sinke. I andre tilfelle, som med Barnekonvensjonen, har Noreg vore eit førebilete, som har vore kritisk til andre land. Difor er det veldig negativt når vi er så seint ute, seier Krokan.

LES OGSÅ: Ser svart på framtida

Uloba meiner argumentet om at myndigheitene måtte vente på endringar i Vergemålslova framstår som tomme unnskyldningar.

– Heilt ærleg trur eg myndigheitene har vore redde for kva dei ville binde seg til ved å ratifisere konvensjonen, seier ho.

– Er det ikkje forståeleg at myndigheitene vil vere sikre på at dei kan følgje lovverket, før dei ratifiserer konvensjonen?

– Jo, men det har teke for lang tid og vilja til å binde seg har vore for lita. Sjå til dømes på artikkel 19 i konvensjonen, som seier at funksjonshemma har rett til å bu kvar dei vil og med kven dei vil. Regjeringa seier i Odelstingsproposisjonen om konvensjonen at funksjonshemma skal ha denne retten, så langt det er mogeleg ut frå økonomiske omsyn. Då er det ikkje vanskeleg å finne smutthol, seier Krokan.

LES OGSÅ: – Noreg må utnytte arbeidskrafta betre

– Til dømes byggjer kommunane i aukande grad store institusjonsliknande bustadkompleks, med plass til mellom 40 og 60 personar. Dei kallar det ikkje institusjonar, men i praksis er det det, og det er dessutan einaste mogelegheit for mange, når dei treng assistanse. Forutan å stride mot artikkel 19, er dette også i strid med tidlegare avgjersler om at vi ikkje skal ha slike institusjonar.

Manglar rett til å klage
Sjølv om dei er kritiske til den langdryge prosessen, trur både Døveforbundet og Uloba at konvensjonen kan medverke til at funksjonshemma sine rettar vert teke på alvor.

– Som mykje lovgjeving, har denne konvensjonen først og fremst betyding for medvitet kring funksjonshemma sine rettar, hos funksjonshemma sjølv og i samfunnet generelt. Vi håpar den kan medverke til å dreie diskusjonen vekk frå fokuset på helse, omsorg og kostnader, og over til likestilling og menneskerettar, seier Krokan i Uloba.

Samstundes som konvensjonen vart laga, utforma FN ein tilleggsprotokoll. Utan denne er det ikkje mogleg for enkeltpersonar å klage inn brot på konvensjonen. Denne er framleis ikkje ratifisert i Noreg.

Først når det skjer, vil konvensjonen få praktisk betyding, ifølgje Døveforbundet og Uloba.

– Det illustrerer politikarane sitt uforholdsmessige fokus på funksjonshemma sine rettar som reine kostnadsspørsmål, utan at dei skjeler til dei positive verknadene, meiner Kristiansen i Døveforbundet.

LES OGSÅ: – Ta kvinnelege kriminelle på alvor

– Utan klagerett kan ikkje den enkelte bruke konvensjonen i si konkrete sak, seier Krokan.

Det er Likestillings- og diskrimineringsombodet som skal føre tilsyn med konvensjonen. Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) har bede regjeringa om å sikre at ombodet har ressursar til å følgje opp det nye ansvaret.

– Vi støttar kravet. Det vil vere lakmustesten på om myndigheitene verkeleg meiner alvor om å følgje opp intensjonane bak konvensjonen, meiner Kristiansen.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet hadde ikkje høve til å svare før helga, men vil kome tilbake med sine svar i neste veke.

LES OGSÅ: – Valet er mitt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

Kommentarar

ANNONSE