Heilgrøne Hanna

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein unik bydel, omgjeve av bølgjeskvulp og måkeskrik, og midt i hovudstadens kulturhjarte, sit den eine av Miljøpartiet Dei Grønes to nasjonale talspersonar. Frå den opne balkongdøra bles mild sjøluft inn i stova. Fargerike gardiner blafrar i julibrisen. Mellom nybygga på Sørenga er det stille.

Velkomen, til vintagemøblar, naboar med velfylte lommebøker og heimen til Hanna E. Marcussen.

Gjere, ikkje bruke
Akkurat desse vekene har romkameraten reist til Sør-Amerika, og miljøpolitikaren er overlaten til seg sjølv. I kjøleskapet står nokre pakkar smør og litt sennep. Tida rekk ikkje til matlaging om dagen.

– Du kan få sjekke kjøleskapet, men då må du få fram at det ikkje plar vere så tomt, ler Marcussen.

LES OGSÅ: Vil ha øko-stat

Ho held fram med å fortelje om kor flink mora hennar er til å lage mat frå grunnen av. Marcussen vaks opp i ein «litt spesiell» familie, som dreiv økologisk hagebruk og la vekt på miljøet og helsa. I familien Marcussen skulle dei gjere, ikkje bruke. Det har politikaren teke med seg, og no står ho sjølv i front for ein gjeng som kallar seg Noregs heilgrøne alternativ.

Historiske målingar
For seks år sidan var det knapt nokon som visste kven dei var. I 2013 kan Dei Grøne ligge an til å kome inn på Stortinget. Nyleg gjorde partiet ei historisk bra måling, i ei valundersøking gjort for Aftenposten, BT og Adresseavisen. Med ein oppslutnad på 3,6 prosent i målinga snusar dei på sperregrensa, medan vona om grøne mandat veks.

Går det vegen for Dei Grøne til hausten, er det første gong eit nytt parti kjem inn på Stortinget sidan 1993 (RV).

Å leve som ein lærer
Det er historiske tider for Marcussen, med andre ord. Valkampen er hektisk og budsjettet er stramt. Den auka oppslutnaden meiner ho kjem av veljarar som er klare for eit «konsekvent og heilgrønt alternativ». Men auka oppslutnad tyder òg auka mediemerksemd. Det smakar ikkje alltid like godt.

LES OGSÅ: Politisk grønvasking

Sjå berre på Al Gore. Den tidlegare visepresidenten i USA slo med tyngde og uro fast at «we need to solve the climate crisis». Snart byrja rykta å florere. Miljøaktivisten Gore med sine tre til fire heimar, brukte kring tjue gongar så mykje elektrisitet som den jamne amerikanar. Visepresidentens grøne profil fekk illeluktande rifter og av vonde tunger vart han kalla bløffmakar. Skal ein vifte med den grøne peikefingeren, bør miljøsamvitet vere reint.

Marcussen er ikkje visepresident i USA, men førstekandidat for Dei Grøne i Rogaland. Når vi inviterer oss sjølve heim for å sjekke Marcussen sitt miljøsamvit, stiller ho viljug opp med eit kort:

– Håpar eg ikkje får stryk!

Saka held fram under biletet.

– Det plar ikkje vere så tomt, forsikrar Marcussen.

Har pressa kleskoden opp
– Eg tek som regel toget, sjølv om reisa tek åtte timar og berre er billig når eg får tak i minipris. Nokre gongar må eg likevel fly, fortel Marcussen, som reiser mykje mellom Rogaland og Oslo.

– Toget har sine føremoner. Ein kan bruke tida effektivt, sjølv om nettet er ganske dårleg.

Når ho er heime i Oslo spaserer ho til og frå kontoret i Oslo sentrum. Bil eig ho ikkje. Ho har òg kutta kraftig ned på kjøtet i middagen og et mykje økologisk og Fairtrade-mat. Kjeldesorteringa er sjølvsagt i boks. I tillegg freistar politikaren å kjøpe kvalitet framføre kvantitet.

– Eg har faktisk pressa litt på kleskoden i partiet. Sjølv om vi har ein avslappa stil, må eg sjå representativ ut. Dermed må eg shoppe litt, sjølv om eg eigentleg ikkje er så glad i det. Utanom sko, kanskje. Sko er eg glad i, seier Marcussen.

LES OGSÅ: Ambisiøs handling, ikkje fagre ord

Så veldig ille er det likevel ikkje. Etter eit kjapt overslag anslår ho at ho har kring ti par. Nøgd kan ho syne fram ei ikkje overfylt skohylle.

Likevel, sjølv for ein miljøpolitikar kan det vere krevjande å gjere miljøriktige val.

– Har du vore på ferie i sommar?

– Ja, eg var ein tur til London, for å besøke familie. Når ein har kort ferie, er det ikkje så mange alternativ, seier ho, og vedgår at valet fall på ei miljøsyndig og luftig form for transport.

– Kan ikkje ein flytur fort nulle ut både kjeldesortering og økologisk mat?

– Jo, eg har tenkt på det. Samstundes kan vi ikkje vere for ekstreme, heller. Å leve miljøvenleg skal vere mogleg for vanlege folk, seier Marcussen, og strekar under at ho føretrekkjer tog.

– Eg var på togtur i Europa i fjor. Det er ein utruleg fin måte å reise på!

Til sengs med valkampen
Over hovudet til Marcussen heng ein plakat av sommarfuglar i ulike fargar og fasongar. Den er det romkameraten som har kjøpt inn. Det same gjeld sofaen, bordet, stolane og i grunn det meste i den kombinerte stova og kjøkkenet.

– Eg er ikkje så oppteken av ting, seier ho.

– Men skrivebordet er mitt. Det fekk eg for ein femtilapp på ein loppemarknad.

Som mora si, freistar også Marcussen å sy klede sjølv og lage mat frå grunnen av. Det tomme kjøleskapet vitnar kjølig om tilstanden på den fronten, men i valkamptider vert dagane korte.

LES OGSÅ: Erna Solberg best likt

– Desse har eg laga sjølv, då, seier ho, men vil helst ikkje at vi skal fotografere gardinene på soverommet.

– Dei er litt valdsame, seier politikaren, og peikar i staden ut ein annan detalj, som i grunn er like valdsam:

Ved senga er veggen tapetsert med grøne A4-ark. Dei illustrerer Dei Grøne sin valkampstrategi, og er det siste Marcussen ser før ho sovnar om kvelden.

– Nei, eg tek aldri fri, ler ho.

Saka held fram under biletet.

Over senga heng valkampstrategien, så ikkje Marcussen skal gløyme noko.

Vil gjere miljøvenlege val enkle
Dårleg miljøsamvit er kanskje noko mange har kjent på. Klimaendringane er så store. Vi er så små.

– Eg kjenner den kjensla godt og den kan vere frustrerande. Men etter at eg vart politisk aktiv har eg fått betre miljøsamvit – når ein gjer noko monnar det.

Med hendene i stadig rørsle byrjar Marcussen å fordjupe seg i politikken til Dei Grøne. Éin ide er å innføre avgifter på fossilt drivstoff, der ein betalar ut frå kor mykje ein brukar. Deretter skal midlane fordelast likt og gå direkte tilbake til innbyggjarane.

LES OGSÅ: Frp-duell på spørjetoppen

– Det er døme på eit verkemiddel for å endre åtferd, der dei som ureinar mest betalar mest, og dei som ureinar minst, tener mest, forklarer politikaren, og held fram til neste tanke.

– Eg forstår godt at det er vanskelegare å gjere miljøvenlege val for til dømes barnefamiliar, enn for meg. Det vi vil, er å gjere det enklare for folk flest å velje berekraftige alternativ. Då kan det ikkje vere dyrare å kjøpe økologisk enn anna mat, eller ukomfortabelt og upraktisk å reise kollektivt, seier ho.

Elitebydelen
Vert det stortingsplass til hausten, vil i alle fall Marcussen og Dei Grøne arbeide for at Noreg skal verte grønare. Men, før vi lèt henne konsentrere seg om valkampen, er det berre éin ting til.

Skurrar det ikkje eit lite grann at talspersonen frå det næraste vi kjem eit hippieparti bur i den nye elitebydelen Sørenga, med Barcode og Operaen som næraste naboar?

– Folk reagerer faktisk veldig på at eg bur her, ler politikaren.

– Men eg likar å leike med stereotypane. Vi hadde flaks og fann leiligheita på Finn.no. Eg tenkte nok ikkje så veldig på miljøet medan eg leita etter bustad, men nye bygg har ofte høgare miljøstandard. Sjå her, slike sedumvekster har vi utanfor vindauget og på somme av taka. Dei skal samle opp vatn i tilfelle auka nedbør, og er grøne lunger i byen, seier Marcussen, som deler leiga med romkameraten.

For å kjøpe på Sørenga har ikkje ein Dei grøne-politikar råd til, altså.

LES OGSÅ: – For menn flest