Avis beklagar nynorsk
AgderAvisen oppmodar lesarane til ikkje å skrive nynorsk.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
AgderAvisen oppmodar sine lesarar til å skrive lesarinnlegg på bokmål.
På grunn av sviktande annonseinntekter, har ikkje avisa høve til å oversetje lesarinnlegg frå nynorsk til bokmål. Det fører til at mange av innlegga går rett i søppelkassa, ifølgje avisa.
LES OGSÅ: Krev nynorsk på flyplassar
Berre unnataksvis publiserer avisa innlegg nynorsk, når innlegga er interessante nok.
– AgderAvisen beklagar den ulempa nynorsk medfører for alle våre lesarar, og oppmodar alle til å skrive sine innlegg på bokmål i framtida, heiter det på avisa sine nettsider.
LES OGSÅ: 97 sider utan nynorsk