Interessa for grøne utdanningar aukar. Rektor trur naturmedvetne ungdommar er forklaringa.

Karina Søvik/Tysvær bygdeblad
Karina Søvik/Tysvær bygdeblad

I april kunne Samordna Opptak slå fast at interessa for høgare utdanning framleis er rekordstor. 1. juli måtte dei komande elevane velje kva for utdanning dei ville setje øvst på prioriteringslista. Tala frå Samordna Opptak syner ein trend der grøn utdanning er i stor medvind, melder Tysvær Bygdeblad.

Talet på søkjarar med landbruksfag på førsteplass auka med 15 prosent i år. I fjor hadde faget ein auke på 21 prosent. Dermed er grøne utdanningar den studieretninga som har auka aller mest dei siste åra.

LES OGSÅ: Når skulen støyter deg ut

Søkartal går opp
Tveit vidaregåande skule i Nedstrand er ein privat naturbruksskule med lange tradisjonar. Skulen tilbyr studieretninga naturbruk og har linjer som landbruk og gartnernæring, og heste- og hovslagarfag.

Skulen har kring 75 elevar totalt og kan ta imot 36 nye elevar på VG1 kvar år. I år hadde internatskulen 95 primærsøkjarar og 77 reelle søkjarar til saman. Det er ein auke på ti prosent frå året før.

–Talet på søkjarar går opp. Det er vi veldig glade for og vi skulle gjerne ønske alle velkomne til skulen vår, seier rektor Randi Rettedal.

LES OGSÅ: Vil ha ny debatt om privatskulane

Meir naturmedvitne
Ho trur auken skuldast at ungdom har fått større interesse for natur og miljø.

–Eg trur nordmenn generelt er blitt meir naturmedvetne. Elevane våre er genuint interesserte i dyra og miljøet kring oss. Allereie på barneskulen lærer elevane å verdsetje naturen og den positive verknaden på kropp og sjel, seier Rettedal.

Rektoren fortel at skulen har fleire søkarar på venteliste.

–Talet på søkarar til på VG2 «Anleggsgartner- og idrettsanleggsfag» og «Landbruk og gartnernæring» har vore sterkt aukande dei siste åra. I dag har vi faktisk venteliste på begge desse linjene, fortel ho.

Les saka i Tysvær bygdeblad!

“Grønn Utdanning” er ein kampanje for å auke rekrutteringa til norsk landbruk. På deira Facebook-side ligg mykje informasjon om såkalla grøne utdanningar.

LES OGSÅ: – Må søkje seg til utkantane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

ANNONSE