– Ville du funne deg dame på sukker.no?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dame på sukker, Ivar Aasen?

 – Ville du budd i Oslo?

– Ville du kome på Dei nynorske festspela?

– Ville du samla eit språk til oss no?

– Ville du skaffa deg dame på sukker.no?

Nynorsk bløming
Systrene Guri og Sigrid Sørumgård Botheim leika seg med kva Ivar Aasen hadde gjort i dag, kva bilen han hadde køyrd og kva borna til nynorskens far hadde vorte kalla.

– Det er ei usett bløming av litteratur på nynorsk, fortel Kjartan Fløgstad frå talarstolen i Aasen-salen.

For fjorten år sidan var Fløgstad den fyrste festspeldiktaren. I år har han vore med å plukka heile tre blomar frå den nynorske forfattarenga.

LES OGSÅ: Vil oppretta fond for unge

Dyslektisk opningstalar
I år er det offisielle språkåret og tema for årets festspel er grenselaust, og då er det nesten ikkje grenser for kor mange festspeldiktarar ein kan ha. Systrene Sørumgård Botheim har fått med seg Lars Petter Sveen frå Fræna, som festspeldiktar.

Torsdag vart Dei nynorske festspela opna for tjuefyrste gong. Det var venstreleiar og dyslektikar Trine Skei Grande, som fekk det ærefulle oppdraget.

– Eg må medgje at somme gonger når eg har lese ei bok, anar eg ikkje kva målform ho er på, fortel Grande spøkefullt.

Ho er likevel oppteken av språket som identitetsmarkør og meiner at Noreg si fleirspråklege framtid vil styrkje, heller enn svekkje, nynorsken.

Saka held fram under biletet.

KLAR: Leiar i Noregs Mållag Ottar Grepstad står klar
med kransen.

Det vanskelege målet
Hekla Stålstrenga gav publikum ein smakebit på sin torsdagskonsert. Den komande helga vil publikum få fleire møte med festspeldiktarane, i tillegg vert det konsert med Vamp, rapping av gamle Aasen-talar, Are Kalvø skal presentere si nye grunnlov og mykje anna språkleg snadder.

Opningshøgtida vart avslutta ved at festspeldiktarane la krans ved Ivar Aasen-bautaen. Her hadde Sveen ei lita innrømming i prosaform:

– Eg tykkjer nynorsk er vanskeleg, jeg synes bokmål er lett.


KRANS: Festspeldiktarane Lars Petter Sveen, Guri og Sigrid Sørumgård Botheim la ned blomar ved Aasen-bautaen.

LES OGSÅ: Vil ha banktenester på nynorsk