Vil oppretta fond for unge
Årets nynorskbrukar vil nytte prispengane til å oppretta eit fond for skrivande vidaregåandeelevar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg skal ikkje pusse opp badet eller liggje med magen i vêret, sa filosof Gunnar Skirbekk då han tok imot prisen under Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda.
Prispengar til unge
Prispremien er i år auka frå 50 000 til 100 000 kroner. Desse pengane er det Gunnar Skirbekk vil nytte for å opprette eit fond. Her skal ein pen sum pengar delast ut til ungdom som skriv om norsk litteratur, politisk historie eller vårt moderne samfunn.
LES OGSÅ: Vil ha banktenester på nynorsk
Læreplanengasjement
Årets nynorskbrukar vert årleg dela ut av Nynorsk kultursentrum. I grunngjevinga si peika styreleiar Reidar Sandal mellom anna på Skirbekk sitt engasjement for dei nye læreplanane i norskfaget. Førre veka kunne nynorskmiljøa juble over at forslaget om å fjerne karakterar i sidemål ikkje vart vedteke.
– Men prisvinnaren er nok klar over at siste ord i denne saka ikkje er sagt, seier Sandal.
Smidig språk
Prisen, som er delt ut sidan 2005, går til ein person som «gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettaren å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk».
Gunnar Skirbekk fekk prisen for si evne til å gjere nynorsk til eit smidig språk for tenking. No skal prispengane gå vidare til yngre tenkjarar.
LES OGSÅ: Med nynorsk på brystet