Torbjørn Lauen kontakta DNB for å få appen deira på nynorsk. Det meiner banken er for ressurskrevjande.

mm

Det byrja med ein e-post. Torbjørn Lauen sendte eit forslag til DNB om at dei burde omsetje mobilappen sin til nynorsk, han utvida seinare forslaget til å gjelde nettbank òg.

LES OGSÅ: Reagerer på nynorsk vin

Ingen planar
I skrivande stund har 23 brukarar stemt på dette forslaget på DNB sine forslagssider, DNBlabs. Her kan kundar skrive inn sine forslag, seinare kan ein følgje dei ulike forslaga og kor mange stemmer dei får.

– Me har følgd debatten på sidene våre om å laga digitalt innhald på nynorsk. I dag har me ingen planar om dette fordi det er veldig ressurskrevjande, og mest sannsynleg ikkje gjev auka besøk eller omsetjing, skriv kommunikasjonsdirektør Thomas Midteide i ein e-post.

Han fortel at DNB jobbar med å leggje til rette innhaldet sitt for blinde og døve, men prioriterer ikkje andre målformer.

LES OGSÅ: Hevdar nynorsk ville tulle med tala

Enkel unnskyldning
DNB har allereie sidene sine tilgjengelege på engelsk, i tillegg til at noko informasjon er å finne på svensk og dansk. Til Lauen si store undring har dei òg omset informasjon for sine kundar i det vesle landet Luxemburg. Han er ikkje imponert av svaret frå DNB.

– Det er jo ei rimeleg enkel unnskyldning. Ein kan jo berre håpe at om fleire nynorskbrukarar stør opp om framlegget mitt, eller lagar nye framlegg så tek dei seg tid og ressursar til å lage ein nynorskvariant òg, meiner Lauen, som er medlem i både Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

På Twitter kan ein lese at fleire nynorskbrukarar har røysta på forslaget til Lauen.

LES OGSÅ: NRK får skryt for meir nynorsk og dialekt

Norsk og nynorsk
Dette er ikkje fyrste gongen Lauen har kontakta bedrifter for å få tenestene deira på nynorsk. Han har kontakta både Netflix og HBO Nordic. “For nå vil vi kun tilby undertekst på svensk, dansk, finsk og norsk,” var svaret frå HBO Nordic. Dette vart han verken imponert eller overraska over.

– Det at mange bokmålsbrukarar talar om "norsk og nynorsk" er jo ikkje noko nytt fenomen, peikar Lauen på.

LES OGSÅ: Med nynorsk på brystet

Trur bedrifter lyttar
Lauen oppmodar fleire til å spørje etter produkt på nynorsk.

– Om fleir spør etter eit produkt er sjansen for at det blir gjort noko med større. I mitt naive sinn trur eg at bedrifter høyrer på kundane sine når dei spør. Dei ønskjer jo å tene pengar, og det er kundane som har dei, meiner Lauen.

Han fortel at han ikkje driv med nokon nynorskkampanje med vitande og vilje, men er engasjert i ting som vedkjem han.

– Denne gongen handla det berre om å bruke banken på mitt eige språk.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

Kommentarar

ANNONSE