Hevda nynorsk ville tulle med tala

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frykta talkrøll med nynorsk

I forkant av eksamen fekk studentane beskjed om at å lage ein eksamenstekst i finansrekneskap på nynorsk kunne medføre at tala i oppgåva blei endra, flytta eller forsvann. Det fekk student Johan-Andre Eikrem til å reagere, skriv Sunnmørsposten.

– Grunngjevinga for å ikkje lage eksamen også på nynorsk, verkar vag. Ho er nok laga mest for å kamuflere at dei ikkje ønskjer å lage to versjonar av eksamenen, seier 1. årsstudent i økonomi og administrasjon Johan-Andrè Eikrem til avisa.

LES OGSÅ: Sov deg til betre eksamen

Heller ikkje Noregs Mållag trur noko på grunngjevinga for å droppe nynorskversjonen av eksamen.

– Dette er berre tøv og latskap. Eg har aldri opplevd at sjølve tala er ulike på nynorsk og bokmål, og først trudde eg at dette var ein spøk, seier skulemålsskrivar Ingar Arnøy i Mållaget. Han påpeikar at dei fleste kommunane i regionen rundt Høgskolen i Ålesund har nynorsk som hovudmål.

Fungerande høgskuledirektør ved Høgskolen i Ålesund Lasse Gallefoss fortel til Sunnmørsposten at det var tjue studentar som ønskte seg oppgåva på nynorsk, og at studieadministrasjonen allereie i førre veke gav beskjed til faglærar om at eksamensoppgåva må utarbeidast på nynorsk også. (©NPK)

Her har me samla tips til eksamen!